Yargelis Savigne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yargelis Savigne


Statsborgarskap Cuba
Fødd 13. november 1984 (39 år)
Guantánamo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Yargelis Savigne Herrera (fødd 13. november 1984) er ein kubansk lengde- og tresteghoppar frå Niceto Pérez i Guantanamo-provinsen. Ho vart verdsmeister i tresteghopp både i 2007 og 2009, i 2005 tok ho sølvmedaljen i same øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Savigne fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2005-sesongen. Under VM i friidrett 2005 i Helsinki valde ho å stille opp i både lengde- og trestegtevlinga, som junior hadde ho satsa på lengdehopp. I tresteghopp sikra ho seg sølvmedaljen med eit bestehopp på 14,82 m, medan ho i lengdetevlinga enda på fjerdeplassen med 6,69 m, ei plassering som åtte år seinare vart omgjort til bronsemedalje då Tatjana Kotova sitt sølvhopp vart annullert.

Under VM i friidrett 2007 i Osaka gjorde Savigne sitt livs lengste tresteghopp på 15,28 m og vann gullmedaljen framom russiske Tatjana Lebedeva. Våren 2008 vann ho tresteg også under innandørs-VM i Valencia, medan ho vart nummer fem då dei kvinneleg treseteghopparane møtteste til dyst under Sommar-OL 2008 i Beijing.

Savigne forsvarte VM-tittelen i tresteghopp då VM i friidrett 2009 fann stad i Berlin. Med 14,95 m vann ho ein klar siger framom landskvinna Mabel Gay, som sikra kubansk dobbeltsiger.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]