Yirka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yarka)
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 32°57′14.39″N 35°12′44.16″E
Yarka
יִרְכָּא, يركا, Yirka
lokal kommune
none Yarka kommune
Yarka kommune
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°57′14.39″N 35°12′44.16″E
Areal 15,6 km²
Folketal 13 000 (2007)
Folketettleik 833 / km²
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Yarka

Yarka (hebraisk skrift יִרְכָּא, arabisk skrift يركا[1]) er ein drusar-landsby i Israel, i Nord-distriktet, nordaust for Akko.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yarka er ein gammal landsby, og her er funne gamle søyler og cisterner. Clermont-Ganneau fann ein kristen, gresk inskripsjon her.[2]

I 1517 vart Yarka, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 vart han oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 174 muslimske hushaldningar og 24 ungkarar og betalte skatt for ei olivenpresse.[3]

Hilwah (bønehus) i Yarka.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Yarka i 1875, og skreiv at «skorne steinar frå lang tid attende er nytta i bygginga av moderne hus. Kring hundre cisterner er skorne ut i berget, omkring halvparten er ikkje lenger i bruk, og syner at dette har vore ein viktig stad ein gong.»[4] I Survey of Western Palestina er Yarka skildra som ein velbygd steinlandsby busett av 400 drusarar so dyrka oliven og fiken.[5]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Yarka eit folketal på 978; 937 drusarar, 26 muslimar og 15 kristne.[6] Folketalet auka i 1931 til 1 196 med 1 138 drusarar, 46 muslimar og 11 kristne i totalt 343 busette hus.[7]

I 1945 hadde Yirka eit folketal på 1 500, med 42 452 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 5 747 dekar var plantasjar og irrigert land, 5 909 nytta for korn,[9] medan 140 dekar vart utbygd land.[10]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei største fabrikkane i Midtausten[treng kjelde], eit stålverk bygd og eigd av familien Kadmani, ligg i Yarka. My Baby, med 11 000 hyllemeter, er den største butikken for barn i Israel.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Personnamn, ifølgje Palmer, 1881, s. 60
  2. Dauphin, 1998, s. 639, citing Clermont-Ganneau, 1881, s. 37-38.
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191
  4. Guérin, 1880, s.16-17, as translated and cited by Conder og Kitchener, 1881, s.193
  5. Conder og Kitchener, 1881, s.148
  6. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
  7. 1931 Det britiske mandatet Census s. 103.
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 82
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 132
  11. Israel's only American-style baby store, in the heart of a Druze village

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]