Yarmouk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yarmouk
elv
Øydelagd bru over Yarmouk
Land  Syria,  Jordan  Israel
Koordinatar 32°42′32.35″N 35°41′35.7″E / 32.7089861°N 35.693250°E / 32.7089861; 35.693250
Kart
Yarmouk
32°42′32″N 35°41′36″E / 32.708986°N 35.69325°E / 32.708986; 35.69325
Wikimedia Commons: Yarmouk River

Yarmouk (arabisk نهر اليرموك, «Nahr Al-Yarmuk»; hebraisk נהר הירמוך, «Nehar HaYarmukh»; gresk Hieromaks; latinsk Hieromyces) er den største sideelva til Jordanelva. Ho drenerer mykje av Hauranplatået.[1] Ho er ein av tre sideelvar som munnar ut i Jordan mellom Genesaretsjøen og Daudehavet. I sør renn elvane Zarqa og Wadi Mujib.

Yarmouk dannar grensa mellom Israel og Jordan nær Jordandalen og mellom Syria og Jordan lenger oppe i elva. Ho er den sørlege grensa til Golanhøgdene.

Det viktige slaget ved Yarmouk, der muslimske arabarar slo Austromarriket, fann stad sør for elva i 636.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]