Great Yarmouth

Koordinatar: 52°36′N 1°44′E / 52.600°N 1.733°E / 52.600; 1.733
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yarmouth)
Denne artikkelen handlar om byen i Norfolk. For byen på Isle of Wight, sjå Yarmouth på Isle of Wight.

Great Yarmouth

Rådhuset
Rådhuset
Rådhuset
Plassering
Great Yarmouth is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Norfolk
Distrikt Great Yarmouth
Grunnlagd
Geografi
Flatevidd
 - By

26,54 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

60,267
  2,3 /km²
Koordinatar 52°36′N 1°44′E / 52.600°N 1.733°E / 52.600; 1.733
Diverse annan informasjon
Postnummer NR30-31
Telefon-retningsnummer 01493
Commons har multimedium som gjeld: Great Yarmouth

Great Yarmouth, lokalt ofte berre kjent som Yarmouth, er ein kystby i Norfolk i England. Han ligg ved munningen av elva Yare, omkring 30 km austom Norwich. Byen er administrasjonssenter for distriktet Great Yarmouth.

Byen har vore ein ferieby sidan 1760, og han er porten frå Nordsjøen til vassvegane i nasjonalparken The Broads. Han har i fleire hundre år vore ei viktig hamn for sildefiskarar, og i nyare tid er han servicehamn for oljeriggar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Yarmouth viser til munningen (mouth) til elva Yare; den eldste forma av dette namnet er Yernemuth. Byen ligg like ved staden der romarane la ein militærleir ved elveoset, som dei kalla Gariannonum, seinare forvanska til Gernemwa. Mange fiskarar frå Cinque Ports trekte til staden i angelsaksisk tid, og då normannarane erobra landet i 1066 var det 70 borgarar i Yarmouth. Henrik I utnemnde ein reeve til å styre byen. I 1208 gav Johan borgarane privilegium tilsvarande dei Oxford hadde. Desse vart seinare forsterka i nye charterar, som stadfesta Great Yarmouths rettar i tilhøve til Little Yarmouth og Gorleston.

Ein latinskule vart oppretta i 1551. Han heldt til i storhallen til det gamle sjukehuset, som hadde vorte grunnlagt under Edvard I av Thomas Fastolfe. Han var stengd frå 1757 til 1860, men vart så opna på nytt. I 1872 flytta han til nye lokale.

I mai 1845 vart byen råka av ein katastrofe då ei hengebru kollapsa. 79 menneske omkom, dei fleste av dei born. Under andre verdskrig vart Great Yarmouth bomba, men det meste av den gamle byen står. Blant anna finn ein meir enn to kilometer lang bymur frå mellomalderen, der over 2/3 er verna. Elleve av dei atten tårna langs muren står òg. På South Quay finn ein eit handelshus frå 1600-talet blant tudor, georgianske og viktorianske bygningar. Innanfor dette kaiområdet ligg eit område kjent som The Rows, eit labyrintisk samansurium av små smug. Det var opphavleg heile 145 smug i det vesle området, men nokre av desse har forsvunne som følgje av bombinga under andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]