Yasmin Syed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Yasmin Syed (fødd 7. november 1966 i London) er ein norsk skodespelar, kanalvert og programleiar. Mora er frå Noreg medan faren opphavleg kjem frå den indiske delen av Kashmir.

Ho flytta som 2-åring til Vinje i Telemark kor ho voks opp. Yasmin har studert musikk, teater og dans ved Pacific Lutheran University i Tacoma i den amerikanske delstaten Washington med fordjupning i song.

I 1997 spelte ho den kvinnelege houedrolla i den norske filmen Halvveis til Haugesund. Filmen er ein road-movie og var ein del av hovudprogrammet under filmfestivalen i Haugesund. I 1999 spelte ho politioverkonstabel i Familiesagaen de Syv SøstreTV 2. Same år vart ho også tilsett som kanalvert på NRK1. I 2002 og 2003 var ho med i livssynsprogrammet Styk Live på NRK. Jula 2008 leidde ho Julemorgen saman med Kåre Magnus Bergh.[1] Ho har også eit eige band, Yasmin's Bandpower. I 2009 mottok ho Kringkastingsprisen.[2]

I 2013 er Yasmin Syed aktuell som programleiar for den nye fjernsynssatsinga DialektriketNRK. I programmet reiser ho rundt i Noreg for å finna ut kva det er med dialektane som er så viktig for nordmenn. [3]


Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lien (19.11.08). «Nye programledere i Julemorgen». NRK. Henta 23. mai 2009.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato=, |dato= (hjelp)
  2. Helleve (27.10.2009). «Kringkastingsprisen til Yasmin Syed». Noregs Mållag. Henta 30. oktober 2009.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  3. Dagsavisen, 26.10.13: Dialekt-Norge rundt

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]