Yasonneset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gresk ortodokse kyrkja ved Yasonneset (1868).
Jasonkyrkja, 2009

Yasonneset (tyrkisk Yason Burnu) er eit nes ved landsbyane Çaytepe og Çaka (offisielt Aziziye) i distriktet Perşembe i provinsen Ordu i Tyrkia. Namnet kjem frå ein figur frå gresk mytologi, Jason, som var leiar for argonautane.

I antikken stod det eit Jasontempel på neset, som verna siglarane i Svartehavet mot farlege farvatn. Ei kyrkje erstatta seinare tempelet og stod der med same føremål. Den noverande kyrkja på neset vart bygd i 1868 av georgiarar og grekarar som budde i regionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°8′0″N 37°41′0″E