Yatirskogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yatirskogen
skog
Yatirskogen ved kanten av ørkenen.
Land  Israel
Distrikt Sør
Koordinatar 31°20′33″N 35°3′42″E / 31.34250°N 35.06167°E / 31.34250; 35.06167
Kart
Yatirskogen
31°20′33″N 35°03′42″E / 31.3425°N 35.061667°E / 31.3425; 35.061667
Wikimedia Commons: Yatir Forest

Yatirskogen (hebraisk יער יתיר) er ein skog i Israel, i sørsida av Hebron-fjellet, i utkanten av Negevørkenen. Skogen dekkjer eit areal på 30 kvadratkilometer og er den største planta skogen i Israel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yatir-reservoaret

Dei første trea vart planta i 1964 av Jewish National Fund etter initiativ frå Yosef Weitz. Skogen er kalla opp etter ein gammal levittisk by som låg her, Yatir, som det er nemnt i Gamletestamentet: «Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker» (Josva 21:13-14.[1])

Det er planta over fire millionar tre, hovudsakleg bartre som aleppofuru og sypress, men òg lauvtre som terebint, tamarisk, jujube, johannesbrød, oliven, fiken, eukalyptus og akasie, i tillegg til vindruer og forskjellig kratt. Yatirskogen har endra det tørre landskapet nord i Negev, trass i at mange ekspertar var pessimistiske. Det har vist seg å vere eit viktig økologisk verkemiddel for å hindre ørkenspreiing i høgdene nordaust for Beersheba.

Skogen ligg relativt høgt, mellom 400 og 850 meter over havet, i ein halvtørr region med ein årsnormalnedbør på 300-350 mm.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]