Yazd-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yazd-provinsen
استان یزد
Provins
Med klokka frå øvst til venstre: Meybod sett frå Narin Qaleh, Stilletårnet utafor Yazd, Amir Chakhmaq-moskeen og Kharanaq i Ardakan fylke.
Land  Iran
Region Region 5
Fylke 10
Hovudstad Yazd
Areal 129 285 km²
Folketal 1 138 533  (2016)[1]
Folketettleik 9 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Kart
Yazd-provinsen
31°53′41″N 54°21′25″E / 31.8948°N 54.357°E / 31.8948; 54.357
Wikimedia Commons: Yazd Province

Yazd-provinsen (persisk استان یزد, Ostān-e Yazd) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet og provinshovudstaden er byen Yazd. I 2014 vart han plassert i Region 5.[2] Provinsen dekkjer eit areal på 131 575 km² og er delt inn i ti fylke: Abarkuh fylke, Ardakan fylke, Bafq fylke, Behabad fylke, Khatam fylke, Mehriz fylke, Meybod fylke, Ashkezar fylke, Taft fylke og Yazd fylke. I 2016 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Yazd-provinsen ligg i ein oase der ørkenane Dasht-e Kavir og Dasht-e Lut møter kvarandre. Sjølve byen vert stundom kalla «brura til Kavir» på grunn av plasseringa i ein dal mellom Shir Kuh, det høgaste fjellet i regionen på 4 075 meter over havet, og Kharaneq. Sjølve byen ligg 1 203 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «National census 2016». amar.org.ir. Henta 6. mars 2021. 
  2. «همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 
  3. http://iran.unfpa.org/Documents/Census2011/2011 %20Census%20Selected%20Results%20-%20Eng.pdf[daud lenkje]