Yddin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yddin
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Øystre Slidre
Høgd over havet 854 moh
Areal 2,05 km²

Yddin er ein innsjø i Øystre Slidre kommune i Valdres i Oppland fylke. Han ligg 854 meter over havet og arealet er 2,05 km². Han strekkjer seg frå Skatrudstølen i søraust til Yddebu i vest. Dei tre største tilløpselvane i Yddin er Vangsjøåni, Trollåsåni og Kjølaåni. Den einaste elva som renn ut av Yddin er Yddeåni som renn vidare til Søre Vindin. Yddin er ein del av Vindavassdraget.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.