Hopp til innhald

Ye Qiaobo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ye Qiaobo


StatsborgarskapFolkerepublikken Kina
Fødd3. august 1964 (62 år)
Changchun
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1000 meter damer

Ye Qiaobo (fødd 3. august 1964) er ein kinesisk tidlegare skeiseløpar frå Changchun som vart verdsmeister i sprint-firkamp i 1992 og 1993.

Ye deltok i Skeise-VM 1991 og gjekk fortast av alle på 500-meteren, noko ho gjentok i dei to neste verdsmeisterskapane i full firkamp. Tre veker seinare vart ho nummer 2 ved sprint-verdsmeisterskapen, eit drygt halvt tidspoeng bak tyske Monique Garbrecht. Ved dei olympiske vinterleikane i Albertville sikra Ye seg sølvmedaljen på så vel 500 m og 1000 m, på den lengste distansen kom ho i mål 0,02 sekund bak vinnaren Bonnie Blair frå USA. Drygt to veker etter vinterleikane vart Ye sprint-verdsmeister i Oslo, 0,53 tidspoeng framom Blair.

Vinteren 1993 forsvarte Ye meistertittelen i skeise-sprint då verdsmeisterskapen vart avvikla i Ikaho i Japan. På ny viste ho Blair til andreplassen, då med ein margin på 0,55 tidspoeng. Under Vinter-OL 1994 på Hamar gjekk Ye i mål til bronsemedalje på 1000 meter, bak Bonnie Blair og tyske Anke Baier. Ye la opp etter OL-sesongen.

Ye deltok i 1988 i sprint-VM i West Allis i USA. Her mottok ho frå den kinesiske landslagslegen eit medikament laga av blomster og sopp, noko som førte til brot på dopingreglementet. Ye og landslagskollega Wang Xiuli vart dømde til 18 månaders suspensjon.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]