Yedigöller
Yedigöller | |||
nasjonalpark | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Yedigöller nasjonalpark | |||
Wikimedia Commons: Yedigöller National Park | |||

Yedigöller nasjonalpark (tyrkisk Yedigöller, 'sju sjøar') ligg nord i provinsen Bolu i Tyrkia.
Parken er best kjend for innsjøane som er danna av jordras og for det rike plantelivet. Det veks bøk, eik, agnbøk, gran, raudgran, or og svartfuru i området.
Av ville dyr i parken finn ein kronhjort, rådyr, villsvin, brunbjørn, ulv, raudrev, gaupe, jungelkatt, oter og fleire andre.
Av dei sju innsjøane er den eine berre med vatn til somme tider av året.