Yellowstone nasjonalpark

Koordinatar: 44°40′0″N 110°28′0″W / 44.66667°N 110.46667°W / 44.66667; -110.46667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yellowstone National Park)

44°40′0″N 110°28′0″W / 44.66667°N 110.46667°W / 44.66667; -110.46667

Yellowstone nasjonalpark
nasjonalpark
Del av Greater Yellowstone Ecosystem
Oppretta 1. mars 1872
Kart
Yellowstone nasjonalpark
44°35′47″N 110°32′50″W / 44.5964446°N 110.5471962°W / 44.5964446; -110.5471962
Wikimedia Commons: Yellowstone National Park

Yellowstone nasjonalpark ligg i delstatane Idaho, Montana og Wyoming i USA. Yellowstone er den første og eldste nasjonalparken i verda, og dekker 8983 km², for det meste i det nordvestlege hjørnet av Wyoming. Parken er kjend for geysirar, varmekjelder og andre geotermiske eigenskapar. Parken er heim for brunbjørnar, ulvar, bison og hjort. Han er kjernen i Greater Yellowstone økosystem, eit av dei største gjenverande tempererte økosystema i verda.

Lenge før menneske kom til Yellowstone, var det eit enormt vulkanutbrot som førte til at massive mengder oske dekte det vestlege USA, mykje av Midtvesten, nordlege Mexico og noko av stillehavskysten. Utbrotet var fleire gonger så stort som det ved Mount St. Helens i 1980, og resulterte i eit massivt vulkankrater som er 70 km langt og 30 km breitt, som ligg over eit enormt magmakammer (sjå Yellowstone-vulkanen). Yellowstone har hatt tre store utbrot dei siste 2,2 millionar åra, det siste av desse for 640 000 år sidan. Desse utbrota er dei største på jorda innan denne tidsramma, og førte til drastiske klimaendringar.

Parken har fått namn etter dei gule steinane i Yellowstones Grand Canyon – ei djup flenge i Yellowstone-platået som vart forma av oversvømmingar under tidlegare istider og frå elveerosjon frå Yellowstone River.

Menneskeleg historie[endre | endre wikiteksten]

Den menneskelege historia til parken daterer seg 12 000 år tilbake. Han var kjent av dei innfødde som «Mitzi-a-dazi», som tyder «Elva til dei gule steinane», på grunn av dei jarnhaldige gule steinane i Yellowstones Grand Canyon (mange trur feilaktig at gulfargen kjem frå svovel).

Urfolka som levde i Yellowstone-områdd utnytta òg dei store mengdene obsidian i parken til å lage verktøy og våpen. Faktisk har pilspissar laga av obsidian frå Yellowstone vorte funne så langt borte som i Mississippidalen, noko som indikerer at obsidian-handel mellom Yellowstone-indianarar og stammar lenger aust har eksistert.

Lower Yellowstone Fall

I 1806 forlét John Colter Lewis og Clark-ekspedisjonen til fordel for ei gruppe pelsjegerar, og var truleg den første ikkje-indianar til å kome til Yellowstone og få kontakt med indianarane der. Etter å ha overlevt sår han fekk under kampar mot absarokee- og blackfootfolk, fortalde han om ein stad av «eld og svovel», men dette vart feia bort som eit delirium. Dette som ein trudde var denne fantasistaden fekk kallenamnet «Colters helvete».

Fjellmannen Jim Bridgar kom i 1857 tilbake frå ein ekspedisjon i området til parken og rapporterte om kokande kjelder, sprutande vatn, eit fjell av glas og gul stein. Dette vart ignorert av dei fleste, fordi Bridgar var kjent for å ha god fantasi. Historiene hans interesserte likevel utforskaren og geologen Ferdinand Vandeveer Hayden som i 1859 starta ei toårig undersøking av den øvre Missouri-regionen saman med W.F. Raynolds frå U.S. Army. Dei nådde utkanten av Yellowstone, men kunne ikkje gå vidare på grunn av massivt snøfall. Den følgjande borgarkrigen stansa alle forsøk på å utforske området, og det gjekk 11 år før Hayden igjen kunne dra til Yellowstone.

Nordporten til Yellowstone nasjonalpark ved Gardiner i Montana, som seier «For the Benefit and Enjoyment of the People» («For folkets nytte og fornøyelse»).

Seinare arrangerte folk frå Montana Washburn-Langford-Doane-ekspedisjonen, leia av surveyor-general Henry Washburn. Med i gruppa var Nathaniel P. Langford, seinare kjent som «National Park» Langford, og ein militærdetasjement kommandert av løytnant Gustavus Doane. Ekspedisjonen tilbrakte éin månad i området i 1870, og samla prøver og gav namn til interessante stader.

I 1871 leia Hayden ein andre større ekspedisjon, no støtta av regjeringa, til Yellowstone-regionen. Han skreiv ein samansett rapport, som inkluderte store fotografi gjort av William Henry Jackson og måleri av Thomas Moran. Denne rapporten overtydde Kongressen til å trekkje regionen frå offentleg auksjon. 1. mars 1872 underskreiv president Ulysses S. Grant eit dokument som oppretta Yellowstone nasjonalpark.

Langford arbeidde sidan i fem år utan løn som den første direktøren, og vart etterfølgt av fleire andre bestyrarar (som arbeidde med minimal løn). Langford vart etterfølgt av Philetus Norris, som melde seg frivillig til stillinga, etter å ha reist gjennom Yellowstone og opplevt problema til parken sjølv. Under styret hans byrja endeleg Kongressen å gje løn til direktøren, og pengar til å styre parken. Han brukte desse pengane til å utvide framkomsthøva og vidare utforske parken. Norris tilsette òg Harry Yount (kalla «Rocky Mountain Harry») for å stoppe krypskyting og vandalisme i parken. I dag blir Yount rekna som den aller første parkvokteren.

Fort Yellowstone

Tre direktørar følgde, men ingen av desse klarte å setje ein effektiv stoppar for øydelegginga av naturressursane i Yellowstone.

Dette heldt fram inntil 1886, då hæren fekk ansvaret for drifta av parken (sjå Fort Yellowstone). Hæren forvalta parken fram til 1916, då ansvaret vart overført til National Park Service.

26. oktober 1976 vart parken til eit biosfærereservat, og 8. september 1978 vart han innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Skogbrannar[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Yellowstone (med politiske grenser innteikna) frå sommaren 1988, då parken vart herja av skogbrannar.

Sommaren 1988 var svært tørr, og ein serie skogbrannar starta av lynnedslag byrja å herje. Tusenvis av brannmenn vart sett inn for å redde menneskelagde strukturar frå flammene, men – kontroversielt nok – vart få ressurar sett inn på å stoppe skogbrannane for fullt. Økologar argumenterte for dette ved å seie at brannane er del av økosystemet til Yellowstone, og at om ein stoppar skogbrannane, vil resultatet verte ein sjuk og igjengrodd skog. Relativt få store dyr i parken vart drepne av brannane, og etter brannane har nytt liv byrja å spire. Brannane gjorde òg at interessante arkeologiske og geologiske område som tidlegare var ukjende vart oppdaga og katalogisert av vitskapsmenn. National Park Service pleier no å tenne på mindre, kontrollerte brannar, for å hindre nye opphopingar av brennbart material som i 1988.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det nordamerikanske vasskiljet går diagonalt gjennom den sørvestlege delen av parken. Skiljet er ei topografisk linje som er grensa mellom kor vatnet drenerer til Stillehavet og der det drenerer til Atlanterhavet (ein tredel av parken drenerer til Stillehavet).

Vasskiljet går gjennom Yellowstone

Til dømes har Yellowstone River og Snake River utspring i nærleiken av kvarandre, men dei renn i kvar si retning frå kontinentskiljet – Snake River på vestsida, Yellowstone River på austsida. Resultatet er at Snake River endar opp i Stillehavet, medan Yellowstone River går til Atlanterhavet (via Mexicogolfen).

Parken ligg på eit høgt platå som i gjennomsnitt ligg 2400 moh., og nesten omringa av fjellkjeder frå Rocky Mountains, med høgder frå 3000 til 4300 moh. Desse fjellkjedene er Gallatin Range (i nordvest), Beartooth Mountains (i nord), Absaroka Mountains (i aust), Wind River Range (i søraust), Teton Mountains (i sør, sjå Grand Teton nasjonalpark) og Madison Range (i vest).

Like utanfor den sørvestlege grensa til parken ligg Island Park-kalderaen, som er eit platå omgjeve av låge åsar. Forbi denne ligg Snake River Plain i det sørlege Idaho, som er dekt av flaumbasalt og heller mot sørvest (sjå Craters of the Moon nasjonalmonument).

Hovudattraksjonen ved Yellowstone-parken er Yellowstone-kalderaen; ein veldig stor kaldera nesten heilt dekt av vulkanske restar, og måler 50×60 km. Inne i denne kalderaen ligg det meste av Yellowstone Lake, som er den største høgtliggande innsjøen i Nord-Amerika.

Sør i parken, litt nord for Lake Yellowstone, ligg Upper Geysir Basin, og Old Faithful, og dessutan Old Faithful Inn. Old Faithful er den mest kjende geysiren i parken, og den største turistattraksjonen. Geysiren kan sprute over 30 m. Det er ikkje så veldig høgt, men det spesielle er, at han sprutar kvart 72. min.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vinterbilete frå Yellowstone.

Klimaet i Yellowstone er i stor grad påverka av høgda over havet, der dei lågareliggande områda generelt er varmare året rundt. Den høgaste temperaturen som er målt var 37 °C i 1936, medan den lågaste målte temperaturen var -54 °C i 1933. I sommarmånadane frå juni til tidleg i september ligg den høgaste dagtemperatur vanlegvis rundt 20–25 °C, medan nattetemperaturen kan gå under frysepunktet, spesielt i høgareliggande område. Sommarstid er det ofte ein del torevêr på ettermiddagane. Vår- og hausttemperaturen varierer gjerne i området 0–20 °C med kalde netter vanlegvis mellom -5 og -20 °C. Vinteren i Yellowstone er svært kald, med den høgaste temperaturen vanlegvis mellom -20 og -5 °C, og nattetemperatur under -20 °C.

Nedbørsmengdene i Yellowstone er svært variable, og kan vere mellom 380 mm/år i nærleiken av Mammoth Hot Springs og 2000 mm/år i dei sørvestlege delane av parken. Nedbøren kan kome som snø i året rundt, med gjennomsnittsmengder varierande frå 380 cm/år rundt Yellowstone Lake til omtrent dobbelt så mykje i høgareliggande område.

Det er sjeldan tornadoar i Yellowstone, men 21. juli 1987 slo den kraftigaste tornadoen som nokon gong er registrert i Wyoming ned i Teton Wilderness i Bridgar-Teton National Forest, og trefte Yellowstone nasjonalpark. Tornadoen vart klassifisert som ein F4, med vindstyrkar rekna til mellom 333 og 418 km/t. Tornadoen medførte store øydeleggingar i eit område som var 1,6–3,2 km breitt og 38 km langt, og blåste ned 61 km² med vaksen furuskog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Yellowstone nasjonalpark