Yellowstone-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yellowstone River)
Yellowstone-elva
elv
Land  USA
Munning Samløp med Missouri
Kart
Yellowstone-elva
43°59′18″N 109°55′45″W / 43.988333333333°N 109.92916666667°W / 43.988333333333; -109.92916666667
Yellowstone med sideelver
Yellowstone med sideelver
Yellowstone med sideelver
Wikimedia Commons: Yellowstone River

Yellowstone-elva (engelsk Yellowstone River) er ei sideelv til Missouri. Ho er ca. 1 080 km lang og ligg nordvest i USA.

Elva blir rekna som hovudsideelva til den øvre delen av Missouri, og elva med sideelver har eit nedbørsfelt som strekkjer seg frå Rocky Mountains i nærleiken av Yellowstone nasjonalpark og tvers over fjella og høgslettene i Sør-Montana og Nord-Wyoming. Nedbørsfeltet til elva er på 181 300 km². Den største bielva er den austlege Powder.

Lower Yellowstone Falls er 94 m høg

Dei største sideelvene til Yellowstone er Gardner River, Shields River, Lamar River, Boulder River, Stillwater River, Bighorn River, Tongue River og Powder River.

Nokre av dei større byane ved elva er Billings, Forsyth, Miles City, Glendive og Sidney, alle i Montana.

Yellowstonefalla består av to større fossefall i Yellowstoneelven. Fossane ligg i Yellowstone nasjonalpark.

Yellowstone er den lengste uregulerte elva i dei nedre 48 statane. Det er ingen demningar som dannar reguleringsmagasin eller anna langs elva. Det same kan ikkje seiast om sideelvane: Der er det fem større vassmagasin: Bull Lake, Boyson, Buffalo, Bighorn, Tongue Riv, og Lake De Smet-reservoara.[1]

Nesten alle samanstøyta under Black Hills-krigen mellom amerikanske styrkar og framfor alt lakotafolk fann stad nær Yellowstone-elva.

Det er strekt oljeleidningar gjennom området. I 2011[2] og i 2015[3] var det ulukkestilfelle av lekkasjar, og dette førte til oljeforureining av og ved Yellowstone River.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Zelt, Ronald B., Greg Boughton, Kirk A. Miller, Jon P. Mason, and Laura M. Gianakos, Environmental Setting of the Yellowstone River Basin, Montana, North Dakota, and Wyoming (Water-Resources Investigations Report 98.4269, 1999).
  2. «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 17. juni 2013. Henta 25. februar 2013.  Rapport av 30. oktober 2012
  3. "Cleanup after 'unfortunate incident' in Yellowstone." CBS News (Associated Press). January 19, 2015. Retrieved January 20, 2015.