Yersinia pestis
| Yersinia pestis | |
Yersinia pestis | |
| Systematikk | |
| Domene: | Bakteriar Bacteria |
| Rike: | Pseudomonadati |
| Rekkje: | Pseudomonadota |
| Klasse: | Gammaproteobacteria |
| Orden: | Enterobacterales |
| Familie: | Yersiniaceae |
| Slekt: | Yersinia |
| Art: | Y. pestis |
| Vitskapleg namn | |
| Yersinia pestis | |
Yersinia pestis er ein bakterie i familien enterobakteriar. Han held til i mage, blod- og lymfesystema til vertsdyr.[1] Y. pestis smittar pattedyr og finst særleg hos smågnagarar. Han kan spreie seg til menneske gjennom lopper og gjev pest. Pest har gjeve opphav til store dødstal ved fleire kjente epidemiar i historisk tid (utan medisinsk tilsyn har pest høg letalitet), som til dømes Svartedauden, som tok livet av mellom ein tredel og halvparten av folkesetnaden i Europa. Mellom 1987 og 2001 blei det rapportert 36 876 tilfelle av pest til WHO, av desse døyde 2 847.[2]
Slekta Yersinia er ein Gram-negativ kokkebakterie, og som andre enterobakteriar har den eit gjæringsstoffskifte. Yersinia pestis produserer eit antifagocytisk slim.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Y. pestis blei oppdaga i 1894 av den sveitsisk-franske legen og bakteriologen Alexandre Yersin i samband med ein epidemi i Hong Kong.
Behandling
[endre | endre wikiteksten]Y. pestis er særs sensitiv overfor antibiotika, t.d. streptomycin og kloramfenikol.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Yersinia pestis (micro-organism), Global Invasive Species Database, issg.org
- ↑ Michael B Prentice og Lila Rahalison, «Plague», Lancet 369 (2007): 1196-207.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Yersinia pestis Arkivert 2006-06-29 ved Wayback Machine.. Virtual Museum of Bacteria.