Yes av Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yes av Yes
Studioalbum av Yes
Utgjeve 25. juli 1969
Innspelt April til mai 1969
Studio Advision (London i England),
ekstra opptak i Trident Studios
Sjanger
Lengd 41:30
Selskap Atlantic
Produsent
  • Paul Clay
  • Yes
Yes-kronologi
Yes av Yes Time and a Word
(1970)


Singlar frå Yes
  1. «Sweetness»
    Utgjeve: 4. juli 1969
  2. «Looking Around»
    Utgjeve: 3. november 1969

Yes er det første studioalbumet til det engelske rockebandet Yes, gjeve ut i 25. juli 1969 av Atlantic Records. Etter bandet vart skipa i midten av 1968, turnerte dei mykje i Storbritannia med originale songar og omarrangerte coversongar. Dei fekk kontrakt med Atlantic tidleg i 1969, og gjekk inn i Advision og Trident Studios i London for å spele inn debutalbumet. Yes inneheld coverversjonar av «Every Little Thing» av The Beatles og «I See You» av The Byrds.

Yes fekk somme positive meldingar frå musikkskribentar i Storbritannia og USA, men selde dårleg og gjekk ikkje inn på salslistene. To singlar vart gjevne ut frå albumet: «Sweetness» og «Looking Around». Albumet vart ommastra i 1994 og 2003, siste gongen med fleire bonusspor av songar som ikkje var gjevne ut før, inkludert ein versjon av «Something's Coming» frå West Side Story.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I august 1968 vart Yes skipa med ei besetning som bestod av songaren Jon Anderson, bassisten Chris Squire, gitaristen Peter Banks, trommeslagaren Bill Bruford, og klaverspelaren Tony Kaye og bandet spelte den første konserten sin under namnet den 4. august. Dei turnerte mykje i Storbritannia med originale songar og verversjonar av songar frå rock, pop, funk og jazz. Etter at Bruford slutta i bandet ei kort stund for å studere på universitetet, gjekk besetninga attende til den originale besetninga i november 1968. Mangeren Roy Flynn og Atlantic-direktøren Frank Fenter sikra Yes ei prøvespeling for Ahmet Ertegun i Atlantic RecordsSpeakeasy Club i London. Konserten vart ein suksess og bandet fekk avtale med selskapet i mars 1969.[2]

Produsent[endre | endre wikiteksten]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Med kontrakten sin sikra, spelte Yes inn debutalbumet våren 1969, hovudsakleg i Advision med somme ekstra innspelingar i Trident Studios i London.[3][4] Anderson og Banks har fortalt at bandet var i studio mellom ei og fire veker.[5] Dei fekk med seg produsenten Paul Clay og lydteknikaren Gerald Chevin (og John Anthony i Trident).[6][7][4] Banks var ikkje sikker på korleis Clay vart involvert på albumet, og meinte at han ikkje passa til jobben sidan han hadde arbeidd på filmmusikk og hadde lita erfaring med å arbeide med rockebandet. Dette førte til at albumet mangla kvalitet og trommene til Bruford høyrdest ut som «blikkboksar» og gitaren hans «clangy».[5][8] Banks gav lydteknikaren Gerald Chevin kallenamnet «The Weasel» eller «The Ferret» sidan han var liten av vekst, hadde briller, som gjorde at han likna på ein «rakettforskar frå 1950-åra» og generelt mislikte rockemusikk.[9][4] Han spurte òg stadug bandet om å skri ned lyden, noko Banks mislikte. Banks skudde opp gitarlyden når ingen såg det.[10] Det var òg tekniske vanskar under innspelinga og gruppa brukte to dagar på å prøve å få Hammondorgelet til Kaye til å fungere skikkeleg. Dei leigde eit sidan Kaye hadde eit Vox Continental forkledd som eit Hammond.[11][5] Dette var første gongen Bruford spelte i eit platestudio, og det var berre då albumet var nesten ferdig han forstod at lydvolumet til dei andre instrumenta kunne justerast i hovudtelefonane hans. I staden spelte han inn sine partar med ein høg gitar i eine øyret «og ingenting anna i det andre».[5] Bruford skildra spelinga si på albumet som «eit virvar av alt eg hadde høyrt» og meinte seinare at spelinga hans var naiv.[11] Kring den tredje innspelingsdagen, vitja Ertegun studioet for å høyre kva som var spelt inn så langt, men bandet hadde ikkje noko å vise fram.[10]

Songar[endre | endre wikiteksten]

«Beyond & Before» var skriven av Squire og Clive Bailey, tidlegare songar og gitarist i Mabel Greer's Toyshop, eit rockeband som var ein føregangar for Yes. Bandet brukte å opne konsertane sine med denne songen, som bestod av ein tredelt harmonisong. Fleire år seinare var Banks framleis usikker på kva teksten betydde og meinte dei var «skriven påverka av dop».[8] Squire skildra han som «ein acid rock-aktig song» med psykedelisk tekst.[12] «I See You» er ein coverversjon opphavleg spelt inn av det amerikanske rockebandet The Byrds. Banks var skuffa over versjonen dei spelte inn for albumet, sidan han seinare oppdaga fleire feil. Den instrumentale delen med gitarsolo vart ofte strekt ut over fleire minutt på konsertane deira, og enda stundom med at Banks kasta gitaren opp i lufta og slo han i scenegolvet.[12] «Yesterday and Today» var eit av spora spelte inn i Trident Studios med Bruford på vibrafon, trass i at ahn fortalte bandet at han ikkje kunne spele på instrumentet. Banks hugsa at trommeslagaren vart nervøs på innspelinga.[4][12] «Looking Around» var ein av favorittsongane til Squire på albumet. Då dei skulle spele han inn hadde bandet vanskar med å finne tonen, sidan dei var usikre på kva toneart songen var i.[13]

«Harold Land» fekk tittelen sin frå Bruford, som hugsa at noko spurte høgt om kva songen skulle heite. «Eg hugsa nokon sa ... 'Eg vil skrive ein song om ein mann som heiter...' og eg sa, 'Harold Land' då eg gjekk gjennom rommet».[4] Songen er kalla opp etter Harold Land, ein amerikansk tenorsaksofonist, men teksten handlar om korleis krig påverkar personen med dette namnet.[4] Den andre coversongen på albumet er «Every Little Thing» av The Beatles. Squire forstod ikkje kor godt han likte denne versjonen før han skrudde på radioen etter ein konsert i Madison Square Garden i New York City i 1984 og likte instrumenteringa. Han forstod først ikkje at det var Yes-utgåva før han høyrde røysta til Anderson.[13] «Sweetness» var den første songen Anderson og Squire samarbeidde på etter dei først møttest. Han vart nytta i filmen Buffalo '66 (1998), debutfilmen til Vincent Gallo som regissør. «Survival» var ein song med bidrag frå heile bandet, men vart ikkje heilt fullført fordi dei ikkje hadde tid til å gjere albumet ferdig. Seinare vart det ein brysam song for Bruford på grunn av den økologi-inspirerte teksten og den «sentimentale» melodien.[14]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom i eit dobbeltfalsa omslag. Den britiske utgåva hadde orda «YES» i blått og raudt i ei snakkeboble mot ein enkel, svart bakgrunn.[4] Omslaget vart designa av Cosby/Fletcher/Forbes, eit designsamarbeid som bestod av Theo Crosby, Alan Fletcher og Colin Forbes, med ekstra designarbeid av Haig Adishian.[6] Musikkskribenten og bandbiografiforfattaren Chris Welch skreiv: «Sjølv om omslaget ikkje er like utførleg som dei Roger Dean laga frå og med 1971 med Fragile, var omslaget effektivt».[4] Framsida for den amerikanske utgåva hadde eit fotografi av bandet ved eit arkitektursenter i Fulham teken av den amerikanske fotografen David Gahr.[6] Det var òg nytta på den ommastra utgåva frå 2003.[4] Inne i omslaget er det eit fotografi av gruppa frå konsertane deira teken av Nicky Wright i Parliament Hill Fields i Nord-London.[10][6] Anderson er oppført på originalomslaget som «John». Han fjerna først h-en frå namnet sitt i 1970.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[15]
Rolling Stone(positiv)[16]

Yes vart gjeven ut 25. juli 1969 i Storbritannia.[7] Det kom ut i USA den 15. oktober 1969.[3] «Sweetness» kom ut som den første singelen frå albumet og debutsingelen deira. Banks var ikkje samd i valet og meinte det var songen som minst representerte stilen deira.[13]

Albumet fekk positiv omtale frå to amerikanske aviser. Scott Campbell frå Arizona Republic skreiv at Yes var «eit lovande album» som leverte «solid og nøkternt heile vegen» med ein «sterk og kompetent» vokal frå Anderson.[17] David Wagner i Post-Crescent var samd med Campbell i at Yes var eit lovande band. Han såg «mykje jazzswing» på albumet, særskild på dei to coverversjonane og samanlikna gitarstilen til Banks med Wes Montgomery som han meinte kom gjennom smo sterk på gitar og trommer på «I See You». Wagner meinte at dei originale songane deira var «generelt stødige» og «fullt ut arrangerte» trass i at «Sweetness» var for sentimental, «men det er så mange gleder her på så mange nivå at det er vanskeleg å klage».[18] Lester Bangs skreiv ei positiv melding om albumet i Rolling Stone, og skreiv at det var «eit slikt album som nokre gonger trengjer seg inn i rutinen din med eit heilt uventa musikalsk kraft.»[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Beyond & Before»Chris Squire, Clive Bailey, Tony Kaye, Jon Anderson, Bill Bruford, Peter Banks4:51
2.«I See You»Jim McGuinn, David Crosby6:48
3.«Yesterday and Today»Jon Anderson, Peter Banks, Tony Kaye2:53
4.«Looking Around»Anderson, Squire, Bruford, Kaye, Banks3:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Harold Land»Anderson, Squire, Bill Bruford, Banks, Kaye5:39
2.«Every Little Thing»John Lennon, Paul McCartney5:39
3.«Sweetness»Anderson, Squire, Bailey, Kaye, Bruford, Banks4:30
4.«Survival»Anderson, Squire, Bruford, Banks, Kaye6:18
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Everydays»Stephen Stills6:23
10.«Dear Father»Anderson, Squire5:51
11.«Something's Coming»Leonard Bernstein, Stephen Sondheim7:09
12.«Everydays»Stills5:18
13.«Dear Father»Anderson, Squire5:31
14.«Something's Coming»Bernstein, Sondheim8:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaga frå 1969- og 2003-utgåvene av albumet.[6][7]

Yes

Produksjon

  • Paul Clay – produsent
  • Yes – produsent
  • Gerald Chevin – lydteknikar
  • John Anthony – lydteknikar (Trident Studios)[4]
  • Crosby/Fletcher/Forbes – design
  • Peter Sanders – andre fotografi
  • Nicky Wright – fullsidefotografi
  • Haig Adishian – design (britisk utgåve)
  • David Gahr – fotografi på framside (amerikansk utgåve)

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2003 – CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Yes - Yes | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 13. desember 2019. 
  2. «Tail-Pieces». New Musical Express: 18. 15 Mars 1969. Henta 21. september 2016 – via ProQuest. 
  3. 3,0 3,1 Yes [1994 Remaster]. Yes. Atlantic Records. 1994. 82680-2. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Welch 2008, s. 59.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Morse 1996, s. 12.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Yes. Yes. Atlantic Records. 1969. 588 190. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Yes [Expanded and Remastered]. Yes. Rhino Records. 2003. 8122-73786-2. 
  8. 8,0 8,1 Welch 2008, s. 60.
  9. Morse 1996, s. 12, 13.
  10. 10,0 10,1 10,2 Welch 2008, s. 63.
  11. 11,0 11,1 Welch 2008, s. 59, 60.
  12. 12,0 12,1 12,2 Morse 1996, s. 13.
  13. 13,0 13,1 13,2 Morse 1996, s. 14.
  14. Morse 1996, s. 15.
  15. Eder, Bruce. Yes av YesAllmusic. Henta 15. desember 2019.
  16. 16,0 16,1 Bangs, Lester (7. februar 1970). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). Arkivert frå originalen 20. februar 2009. Henta 21. mai 2017. 
  17. Campbell, Scott (21 Desember 1969). «Sound—from the underground». Arizona Republic. Henta 15. desember 2019 – via Newspapers.com. 
  18. Wagner, David F. (21 Desember 1969). «Yes, Yes is promising». The Post-Crescent (Appleton, Wisconsin). Henta 15. desember 2019 – via Newspapers.com.