Yesterday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Yesterday»
Singel av The Beatles
frå albumet Help!
B-side «I Should Have Known Better»
Utgjeve 13. september 1965
Innspelt Abbey Road Studios 14. juni 1965
Sjanger Baroque-pop
Lengd 2:03
Selskap Capitol Records (USA)
Parlophone/EMI (UK)
Electrola (Noreg)
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Help!»
(1965)
«Yesterday» «Day Tripper»
(1965)

«Yesterday» er ein popsong av The Beatles frå albumet deira Help! frå 1965. I følgje Guinness Rekordbok er songen den mest innspelte songen nokon gong. Songen er framleis populær i dag og det er gjort meir enn 3000 innspelingar av han. Singelutgåva til Beatles nådde førsteplassen i mange land, mellom anna i Noreg. Broadcast Music Incorporated (BMI) hevdar at songen er framført over sju millionar gonger på 1900-talet.

«Yesterday» er ein melankolsk akustisk ballade om eit forhold som har teke slutt. Det var den første innspelinga av The Beatles der berre eit av bandmedlemmene medverka og Paul McCartney var berre akkompagnert av ein strykekvartett. Den endelege innspelinga var så forskjellig frå andre Beatles-songar på denne tida at dei tre andre medlemmene la ned veto om at songen skulle ut på singel i heimlandet, noko han heller ikkje vart før i 1975. Sjølv om songen er kreditert Lennon/McCartney er han berre skrive av McCartney.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Yesterday, all my troubles seemed so far away
Now it looks as though they’re here to stay
Oh, I believe in yesterday

Paul McCartney

I følgje biografane til McCartney og The Beatles drøymde McCartney melodien ei natt i heimen hos kjærasten Jane Asher og familien hennar. Då han vakna skunda han seg til eit piano og tok opp songen på ein bandopptakar så han ikkje skulle gløyme han. McCartney var først uroa om han kanskje undermedviten hadde plagiert ein anna sin song. Etter kvart som han vart overbevist om at han ikkje hadde stole melodien frå nokon andre, byrja han å skrive ein tekst som passa. I starten hadde songen arbeidstittelen «Scrambled Eggs», og den opphavlege teksten skal ha vore «Scrambled eggs, Oh, baby how I love your legs»[1][2]

McCartney har hevda at han skreiv teksten då The Beatles var på turne i Frankrike i 1964, men songen kom ikkje ut før sommaren 1965, og i mellomtida gav The Beatles ut albuma Beatles for Sale og A Hard Day’s Night, som begge kunne ha inneheldt «Yesterday». Truleg kom dette av at McCartney og George Martin ikkje vart samde om arrangementet og at dei andre Beatles-medlemmene ikkje likte songen.[2]

Lennon indikerte òg at songen hadde eksistert i lang tid før dei gav han ut, og at songen ofte dukka opp då dei skulle spele inn nye plater. Dei kom ikkje på ein passande tittel, og hadde det mykje morosamt med tittelen «Scrambled Eggs». Dei var derimot samde om at songen måtte ha ein tittel på berre eitt ord.[3] McCartney sa at gjennombrotet for teksten kom under ei reise til Portugal i mai 1965[4]

Songen vart tilbydd som ein demo til Chris Farlowe før The Beatles spelte han inn, men han avslo tilbodet fordi han meinte songen var «for mjuk»[5]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

To dagar etter at McCartney kom heim frå Portugal vart songen spelt inn ved Abbey Road Studios den 14. og 17. juni 1965. Det har vore omstridd korleis songen vart spelt inn. Den mest siterte er at McCartney spelte songen inn aleine utan å bry seg med å involvere dei andre medlemmene.[6] Andre kjelder hevdar at McCartney og dei andre medlemmene prøvde forskjellige instrument, som trommer, orgel og at George Martin seinare overtalde dei til å la McCartney spele han aleine og så seinare legge på ein strykekvartett. Uansett kva som skjedde var ikkje dei tre andre bandmedlemmene med på songen.[7][8]

McCartney spelte inn songen på to forsøk den 14. juni 1965.[9] Det andre forsøket vart rekna som det beste og nytta som master. Ein strykekvartett vart spelt inn nokre dagar seinare og lagt oppå McCartney sitt opptak.[9]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om McCartney hadde lagt sin elsk på songen var det mykje verre å overtale dei andre til å få songen med på eit album. Hovudårsaka til dette vart at songen ikkje passa inn med imaget Beatles hadde på denne tida, særleg med tanke på at «Yesterday» var særs ulike dei andre Beatles-songane. Denne kjensla var så sterk at Lennon, Harrison og Ringo Starr nekta å la songen kome på singel i Storbritannia.[2] Matt Monro spelte inn songen alt i 1965 og tok han inn på Topp 10 i Storbritannia hausten 1965.[8]

I USA vart derimot songen gjeve ut med «Act Naturally» som B-side. Singelen gjekk inn på salslista 29. september 1964 og toppa lista ein heil månad, og selde ein million eksemplar på berre fem veker. «Yesterday» var den mest spelte songen på amerikansk radio i åtte år på rad.[2]

I Noreg låg songen 15 veker inne på Topp 10, fem av dei på førsteplass og heile 12 av dei på dei to øvste plassane.[a 1]

Ti år seinare vart «Yesterday» gjeve ut på singel i Storbritannia med «I Should Have Known Better» som B-side. Han gjekk inn på singellista, men gjekk aldri høgare enn 8. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 201–202 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Craig Cross The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record - iUniverse, Inc 2005 ISBN 0-595-34663-4
  3. Ian Hammond (2001). Old sweet songs. Vitja 11. oktober 2008.
  4. Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 204 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  5. Simon Napier-Bell, Black Vinyl, White Powder, 100.
  6. Marcos Ortiz (2005). Marcos' Beatles Page - Yesterday. Vitja 12. oktober 2008.
  7. Heather Mallick (22. november 2000). Past Perfect.
  8. 8,0 8,1 Richie Unterberger. Review of Yesterday. Vitja 12. oktober 2008.
  9. 9,0 9,1 Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 59 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]