Yesud HaMa'ala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yesud HaMa'ala
יְסוּד הַמַּעֲלָה
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°3′22.22″N 35°36′14.66″E
Areal 11,6 km²
Folketal 1 354  (2008)[1]
Folketettleik 117 / km²
Kart
Yesud HaMa'ala
33°3′22″ N 35°36′15″ E
Wikimedia Commons: Yesod HaMa'ala

Yesud (stundom feilaktig skrive Yesod) HaMa'ala var det første moderne jødiske samfunnet i Huladalen. Det vart grunnlagd i 1882 og var ein av fleire jordbruksbusetnader som vart grunnlagd under den første Aliyah. [2] Namnet på landsbyen kjem frå ei linje i Bibelen, som var knytt til sionisten Aliyah.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Seint på 1800-talet var Hulahdalen hovudsakleg myrområde og den 61 km², grunne Hulasjøen. Regionen var kjend som eit frykta mygg-område og uroa for malaria hindra at det vart grunnlagd jødiske busetjingar i området i over 50 år. Etter kvart som området vart drenert og ein nytta insektsmiddel i 1920-åra, vart levevilkåra i området betra.

Hula-dreneringa[endre | endre wikiteksten]

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 og Israel vart oppretta, vart myrområdet drenert og omgjort til dyrkbar mark. Sidan økosystemet i dalen var unikt og ein viktig stoppestad for trekkfuglar, ønskte forskarar å la ein liten del av myrområdet vere att som naturreservat. I 1964 vart 3,2 km² av Huladalen eit naturreservat, det første i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Med starten av Nasjonal vasstransport i 1964, førte syriske forsøk på å forstyrre dreneringa til Genesaretsjøen til åtak mot israelsk jordbruk og fiske i regionen. Tre år seinare vart syriske styrkar drivne attende frå Yesud HaMa'ala og Golanhøgdene vart erobra under seksdagarskrigen i 1967.

Den 22. juli 2006 råka ei rekkje Katyusha-rakettar frå Hizbollah Hulahdalen under Libanonkrigen i 2006. I Yesud HaMa’ala vart ein person lettare skadd frå eit slikt åtak. Før bombinga hadde ikke samfunnet her opplevd fiendtlege åtak sidan seksdagarskrigen i 1967. Den 29. juli råka tre rakettar Yesud HaMa'ala og ei kvinne vart lettare skadd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]