Yixing

Koordinatar: 31°2′N 119°18′E / 31.033°N 119.300°E / 31.033; 119.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For munken, oppfinnaren og astronomen på 700-talet, sjå Yi Xing.
宜兴
Yíxīng
Yixing-tekanne frå Qing-dynastiet.
Yixing-tekanne frå Qing-dynastiet.
Yixing-tekanne frå Qing-dynastiet.
Kallenamn
«Verdas tekannesenter; Keramikkhovudstaden i Kina»
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Jiangsu
Geografi
Flatevidd 1 996,61 km²
Flatevidd
 - By

2177,43 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)

1 071 000
Koordinatar 31°2′N 119°18′E / 31.033°N 119.300°E / 31.033; 119.300
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Heimeside: http://www.yixing.gov.cn/

Yixing (hanzi 宜兴; pinyin Yíxīng) er eit byfylke i byprefekturet Wuxi i provinsen Jiangsu i austre Kina. Byfylket har ei utstrekking på 2.177 km² og hadde i 2005 1,07 millionar innbyggjarar. Byen er kalla «keramikkhovudstaden i Kina» og «Verdas tekannesenter».

Yixinggods[endre | endre wikiteksten]

Frå gammalt av har byen produsert steingods av lillabrun yixing-leire som finst i området. Yixingtekanner er høgt skatta og er mykje brukte til den kinesiske teseremonien. Dei eldste spora av keramikkmaking i Yixing er 7000-8000 år gamle, og under Han-dynastiet byrja ein laga keramikk med celadonglasur her. Keramikkmuseet i Yixing har over 10 000 gjenstandar.

I dag blir mykje av yixingkeramikken laga i nabobyen Dingshu (Dingshan), men det finst framleis handverkshus og fabrikkar her.

Shanjuan-hola.

Shanjuan-hola[endre | endre wikiteksten]

Shanjuan-hola er ein annan attraksjon. Ho er eit imponerande naturfenomen med ein hall på 1 000 m², stalaktittar på opptil sju meter og ein foss med eit fall på 120 meter utanfor. Temperaturen er rundt 23ºC heile året.

Holehallen er dekorert med dikt i kinesisk kalligrafi. Grotta har namnet sitt etter Shanjuan, ein vismann som ifølgje soga slo seg ned her for 4-5000 år sidan.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Yixing har ikkje jernbanesamband, men riksveg 104 i Kina går gjennom byfylket. Vegen begynner i Beijing, går sørover via Dezhou og så til Jinan, Xuzhou, Nanjing, Hangzhou, Wenzhou og endar opp i Fuzhou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]