Yngsdalen

Koordinatar: 61°22′8″N 7°3′51″E / 61.36889°N 7.06417°E / 61.36889; 7.06417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yndesdal i Luster)
Yngsdalen
Yndesdal, Yngsdal
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland fylke
Kommune Luster kommune
Kart
Yndesdal
61°22′08″N 7°03′51″E / 61.368888888889°N 7.0641666666667°E / 61.368888888889; 7.0641666666667

61°22′8″N 7°3′51″E / 61.36889°N 7.06417°E / 61.36889; 7.06417 Yngsdalen er ein fråflytta høgdegard på vestsida av Veitastrondsvatnet i Sogn. Garden har to bruk. Bruk nr.2 vart fråflytta i 1963 og bruk nr.1 vart fråflytta i 1967. Det er såleis over 50 år sidan det har vore aktiv landbruksdrift i Yngsdalen. Husa har i alle desse åra vore nytta til fritidsformål. Eigaren av bruk nr. 1 i 2020 bygde ein traktorveg (landbruksveg) bratt opp lia litt sør for Ospehola. Den nye vegen kjem opp om lag der den gamle kløvvegen gjekk. Hovudformålet med vegen er å starte opp landbruksdrift - framleis utan vegtilknyting til fylkesvegen.

Gardstunet[endre | endre wikiteksten]

Den offisielle (og lokale) skrivemåten på garden er Yngsdalen. Ein har også nytta Yndesdal og Yngsdal.[1] Det er to bruk i Yngsdalen. Gardstunet har i fleire hundre år vore dominert av store våningshus og store fjøsar. Bruk nr. 1 blir her omtalt som Yndesdal sidan etterkommarane brukar denne skrivemåten på slektsnamnet. Huset på Yndesdal vart bygd rundt år 1900, men vart kraftig modernisert på 2000-talet. Fjøsen vart bygd i 1914 og bygd på i 1936. Den er no riven etter at traktorvegen vart bygd frå Veitastrondsvatnet opp til bruk nr. 1 i 2020. Bruk nr. 2 blir her omtalt som Yngsdal sidan etterkommarane brukar denne skrivemåten på slektsnamnet. Huset på Yngsdal vart bygd tidleg på 1800-talet, og låven vart bygd på 1950-talet. Desse bygningane er tekne godt vare på. Til Yndesdal høyrer også eit eldhus med vedskål, som tidlegare var stølshus på Vårstølen. Mellom tuna står eit lite raudt hus som rommar motoren til taubana.

Stølar[endre | endre wikiteksten]

Til garden høyrer to stølar, Vårstølen og Fjellstølen. Fjellstølen vart lagt ned på 1950-talet etter at drifta på Vårstølen vart modernisert. Det vart då bygd traktorveg og lagt kraftlinje mellom garden og Vårstølen. Mjølka vart køyrd på traktor dei to kilometrane ned til garden og frakta på taubana vidare ned til Ugulsviki. Vårstølen vart lagt ned i 1968, eitt år etter at garden vart lagt ned. Då kom buskapen over fjellet frå Sogndalsdalen, og det vart ysta geitost på Vårstølen.

I 2004 vart myrområda i dalen verna som Yngsdalen naturreservat. Området er av ein storleik som er sjeldsynt i Indre Sogn under skoggrensa, og som har innslag av rikmyr og kjelder, og sjeldsynte og interessante planteartar.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Ein må krysse Veitastrondsvatnet mellom Ugulsvik og Ospehola med båt og gå opp til garden. Her går ein på ein bratt kjerreveg som vart bygd tidleg på 1900-talet. Denne vegen er eit kulturminne, og det er planar om å restaurere han. Ein kan også gå den lange vegen over fjellet frå Sogndalsdalen. Mellom Yngsdalen og Ugulsvik går ei taubane. Ho vart teken i bruk 8.juli 1952 og erstatta den eldre taubana som gjekk mellom Yngsdalen og Ospehola. Bana kan nyttast til bagasjetransport, men er ein av det litt uvørne slaget kan ein ta turen på «strengen».

Kraftutbygging[endre | endre wikiteksten]

På 1940-talet vart det bygd eit lite kraftverk i Yngsdalselvi, med effekt på 11 kW. Kraftverket brann ned på 1970-talet, og då vart det lagt kraftlinje frå Ugulsviki, over Holeneset, og opp til Yngsdalen.

På grunn av vernet som naturreservat i 2004, fekk dei to grunneigarane i Yngsdalen ei erstatning på fire millionar kroner som kompensasjon for manglande høve til kraftutbygging i dalen.

I 2011 gav NVE konsesjon til ei mindre utbygging utan regulering av Holetjørni, og utnytting av fallet ned til Hola ved Veitastrondsvatnet i Holen Kraftverk. Det skal sleppast minstevassføring på 110 l/s. Føresetnaden for konsesjon var at utbygginga skulle skje utan bygging av veg i den bratte lia opp til inntaket i Holetjørni. Utbygginga vart sluttført i 2020, og gir ein midlare årsproduksjon på ca 22 GWh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Faktaark ved kartverket.no