Yndesdalsvassdraget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frøysetelva
Yndesdalsvassdraget
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 125,5 km²
Sideelvar Kjerelva, Myrdalselva,
Markhusdalselva, Steinsdalelva,
Furdalselva, Øyrelva
Lengd 15,2 km
Middelvassføring 13,78 /s
Kjelde Yndesdalsvatnet
 - høgd 104 moh.
Munning Frøyset ved Fensfjorden
 - høgd moh.

Yndesdalsvassdraget
60°51′45″ N 5°12′25″ E

Frøysetelva eller Yndesdalsvassdraget er ei elv i Gulen kommune i Sogn og Fjordane og Masfjorden kommune i Hordaland. Ho renn frå Yndesdalsvatnet til Frøyset ved Fensfjorden. Elva er 15,2 km lang (medrekna Øyrelva), og har eit nedbørfelt125,5 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 13,78 m³/s.[1]

Vassdraget vart i 1985 varig verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan III for vassdrag. Det vart likevel gjort unnatak for nedbørfelta til dei to vatna Austgulstølvatnet og Transdalsvatnet, fordi vassføringa frå dei to vatna vart sett som naudsynt for ein lønsam utbygging av Kløvtveit kraftverk, som vart vurdert å «ha avgjerande tyding for distriktet si kraftforsyning i framtida».[2] Dei to felta utgjer til saman 6% av dei totale areala til vassdraget. Dei to vatna vart overført til Klyvtveitvatnet i 2006, då Kløvtveit kraftverk vart sett i drift.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Vassdraget er forgreina, med mange sideelvar, der dei største er:

Koordinatar: 60°51′45″N 05°12′25″EMal:Koord/input/feil2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas, Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. St.prp. nr. 89 (1984-85) Verneplan III for vassdrag, Objekt nr. 83, Ynnesdalsvassdraget