Yndesdalsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yndesdalsvatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gulen
Tilsig Øyrelva, Furdalselva
Utløp Frøysetelva
Nedslagsfelt 39,84 km²
Høgd over havet 104 moh
Lengd km
Breidd 0,3–0,7 km
Areal 1,96 km²
Største djupn 116 m
Koordinatar 60°56′07″N 05°21′50″EKoordinatar: 60°56′07″N 05°21′50″E

Yndesdalsvatnet (også skrive Ynnesdalsvatnet) er ein innsjø i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Vatnet er om lag 5 km langt og mellom 0,3 og 0,7 km breitt. Det ligg 104 meter over havet, og det har eit areal på 1,96 km²[1]. Største djup er 116 meter [2].

Vatnet har namn etter bygda Yndesdal, som ligg ved austenden av vatnet. Ved Yndesdalen ligg òg munningen av Øyrelva, som er den største elva som renn inn i Yndesdalsvatnet. Den nest største er Furdalselva, som munnar ut i vatnet frå nord. Vatnet har utløp mot vest gjennom den korte elva Straumen til det mykje mindre Vetlevatnet, som ligg på same høgde som Yndesdalsvatnet. Frå Vetlevatnet renn Frøysetelva (Yndesdalsvassdraget) vidare, og den munnar etterkvart ut i Austevågen ved Frøyset.

Yndesdalsvatnet vart, saman med resten av vassdraget, verna mot kraftutbygging i samband med Verneplan III for vassdrag. Yndesdalsvatnet er utsett for sur nedbør. Det har vore fullkalka kvar haust sidan 1991, men innsjøen og av vassdraget nedom blir gradvis forsura att i løpet av den påfølgjande vinteren og våren.[3]

Fv2 går langs heile nordsida av vatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]