Yngvar Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yngvar Andersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1974 (50 år)
Yrke skribent, politikar, personlig trener
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Yngvar Andersen på Commons

Yngvar Andersen (fødd 1974) er ein norsk friidrettsutøvar og trenar.

Han er frå i Fortun i Luster kommune og busett i Oslo. Faren var frå Marokko. Andersen er utdanna ved Norges idrettshøgskole.

Han vart norsk juniormeister i kule, diskos og spyd. Andersen satsa som vaksen på ein karriere som personleg trenar, og starta i 2005 eige treningssenter i Oslo med namnet Mykjemeir.

Frå 2006 var han ein markant profil i NRK-programmet Puls, der han gav treningsråd til tv-sjåarane.

I 2008 fekk han målprisen til Luster Mållag fordi han brukar nynorsk i marknadsføringa av firmaet sitt og for bruken av dialekt i media. I 2011 fekk han målprisen til Sogn og Fjordane Mållag og same året målprisen til Noregs Mållag.

I dag er han trenar og gründer i Naardic saman med  kjendisprofilane Annema Refsnes, Ole Petter Hjelle og Arnulf Refsnes om å drifta eit online interaktivt treningstilbod.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2011 – Kom i form med Yngvar : treningsprogram, smarte tips, sunn fastfood, treningsdagbok : supersprek 7 veker (Oslo: Aschehoug). ISBN 978-82-03-23939-7  [Av Yngvar Andersen og Liv Loftesnes]
  • 2017 – Kom i form 60 + (Oslo: Aschehoug). ISBN 978-82-03-29662-8  [Av Yngvar Andersen, Thor-Øistein Endsjø, Liv Loftesnes]
  • 2018 – De beste tingene i livet er ikke ting  : fra rotete til ryddig med færre ting (Oslo: Aschehoug). ISBN 9788203297045  [Medansvarleg: Liv Loftesnes]
  • 2018 – Kom i form med minst mulig innsats! : boka for deg som ikke har lyst, men innser at du burde (Oslo: Egmont). ISBN 978-82-4296-197-6  [Medansvarleg: Liv Loftesnes]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lucas Weldeghebriel (18. august 2020), ««Brødboksen-Arnulfs» nye gründerprosjekt: Satser på kjendistrenere i kampen om treningsmilliardene», shifter.no (på norsk), henta 22. oktober 2020