Jóhanna Guðrún Jónsdóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Yohanna)
Jóhanna Guðrún Jónsdóttir

Fødd16. oktober 1990
FødestadKøbenhavn i Danmark
FødenamnJóhanna Guðrún Jónsdóttir
AliasYohanna
OpphavIsland
InstrumentVokal
Verka somSongar

Jóhanna Guðrún Jónsdóttir, kjend som Yohanna (fødd 16. oktober 1990), er ein islandsk-dansk songar. Ho vann Söngvakeppni 2009 og fekk representerte Island i Eurovision Song Contest 2009, der ho kom på 2. plass.

Bakgrunn og musikk[endre | endre wikiteksten]

Jóhanna vart fødd i København i Danmark, men familien flytta til Island då ho var to år gammal, og ho voks opp i Hafnarfjörður. Som lita lærte ho song på musikkskole. Ho spelte inn den første plata si då ho var ni år gammal, og denne kom ut 16. oktober 2000, I 2001 gav ho ut si andre plate og i 2003 kom den tredje plata, ei samling julesongar. I 2008 gav ho ut si første plate som vaksen, Butterflies and Elvis. Ho studerte ved songakademiet Söngskolinn i Reykjavik.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2009[endre | endre wikiteksten]

Ved den islandske avstemminga ved Söngvakeppni, den islandske versjonen av Melodi Grand Prix 2009, fekk Jóhanna 28 % av røystene, eller 19 076 røyster. I finalen av Eurovision Song Contest 2009 vart ho nr. 2, berre slått av norske Alexander Rybak.

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

Saman med Hildur Þórhallsdóttir, Kjartan Guðbergsson, Friðrik Jónsson og Ragnheiður Gröndal var Jónsdóttir ein del av den islandske juryen i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Røystene frå juryen vart sett saman med dei islandske telefon-, SMS- og App-røystene, og utgjorde 50 prosent av røystene frå Island. Juryen røysta i den fyrste semifinalen, der Island deltok, og finalen. [1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Deltakar i

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ESC 2014 Jury» (PDF) (på engelsk). Eurovision.tv. 1. mai 2014. Henta 1. mai 2014.