Yonatan i Golanhøgdene
| Yonatan | |||
| moshav | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Koordinatar | 32°56′10.68″N 35°47′40.19″E / 32.9363000°N 35.7944972°E | ||
| Folketal | 745 (2019) | ||
![]() Yonatan i Golanhøgdene 32°56′11″N 35°47′40″E / 32.9363°N 35.794497222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Yonatan (Golan Heights) | |||
Yonatan (hebraisk יוֹנָתָן) er ei israelsk busetjing og ein moshav sentralt i Golanhøgdene. Yonatan vart grunnlagd som ein moshav shitufi og gjekk gjennom ein privatiseringsprosess og vart ein «yishuv kehillati» (fellesbusetjing). Busetjinga er ein del av Hapoel HaMizrachi-rørsla i Golan regionale kommune. Det bur kring 350 innbyggjarar i landsbyen. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter internasjonal rett, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[1]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden er kalla opp etter Yonatan Rosenman, som mista livet i ei stridsvogn under Jom kippúr-krigen.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetjinga vart grunnlagd, i lag med fire andre busetjingar, då Yitzhak Rabin var statsminister i Israel. Dei første innbyggjarane kom frå Yonatan Rosenman sin Nahal gar'in. Kort tid etter Jom kippúr-krigen valde innbyggjarar, inkludert broren til Yonatan, Didi, å namngjeve busetjinga etter han og starte eit jordbrukssamfunn i Golanhøgdene. I 1975 vart busetjinga starta opp i områder der Merom Golan kibbutz ligg, og etter kring eitt år vart han flytta til Tel Farj. Først i 1978 vart han flytta til den noverande plasseringa.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Busetjinga ligg 570 meter over havet, nær Gilgal Refaim, kring 7 km vest for grensa til Syria, og nokre få kilometer sørvest for Keshet, som òg er ein moshav shitufi i Hapoel HaMizrachi-rørsla.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yonatan, Golan Heights» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC. 10. desember 2009.
- ↑ History of Yonatan, arkivert frå originalen 2012-02-10, henta 2012-02-10
{{citation}}: Invalid|url-status=no(hjelp)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (he)


