Yorkshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det tradisjonelle grevskapet Yorkshire

Yorkshire er det største av dei tradisjonelle grevskapa i England, med eit areal på omkring 15 000 km² og omkring fem millionar innbyggjarar. Det vart frå gammalt av delt inn i tre delar, kalla, West, North og East Riding. Ordet riding var ei forvansking av det norrøne þriðing, som tyder «tredjedel»; området hadde ein lang periode eit sterkt skandinavisk innslag.

Det meste av det tradisjonelle Yorkshire utgjer no regionen Yorkshire og Humber, som er delt inn i fleire grevskap og sameinte styresmakter.

Emblemet for Yorkshire er den kvite rosa til huset York. 1. august feirar ein Yorkshire Day, ein lokal høgtidsdag der det vert feira og alle borgarmeistrane og andre leiarar samlar seg. Under feiringa demonstrerer ein fleire lokale skikkar som ikkje finst elles i England, som til dømes Long Sword Dance.

Yorkshiredialekten vert kalla «tyke», noko som òg er eit kallenamn for personar frå Yorkshire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]