You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)
Singel av Hank Williams
B-side

Lost Highway

Utgjeve September 1949
Innspelt 2. mars 1949
Studio Castle Studio, Nashville
Sjanger Country
Lengd 2:56
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Produsent Fred Rose
Hank Williams-kronologi 
«Mind Your Own Business»
(1949)
You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave) «My Bucket's Got a Hole in It»
(1949)


«You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)» er ein song skriven av Hank Williams. Han kom ut på singel på MGM Records i september 1949 og nådde fjerdeplassen på Best Selling Retail Folk Records-lista.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«You're Gonna Change (Or I'm Gonna Leave)» var den fjerde i ei rekkje på tjue topp 10-hittar på rad som Williams hadde mellom 1949 og nyårsdagen 1953, då han døydde. Songen er eit godt døme på ei typisk A-side av ein Hank Williams-song: ein livleg honkytonk-song ein kunne danse til. I songen skuldar forteljaren kona si om å lyge og åtvarar ho om at ho helst bør endre seg eller så kjem han til å forlate ho for godt. Williams-biografen Colin Escott skriv at songen «tydlegvis oppstod etter ein krangel på Charles Street,»[2] der Hank delte eit ofte konfliktfylt liv med kona Audrey Williams. Han spelte inn songen akkompagnert av Dale Potter (fele), Don Davis (steelgitar), Zeb Turner (sologitar), Clyde Baum (mandolin), Jack Shook (rytmegitar) og truleg Ernie Newton (bass). Han vart spelt inn i Castle Studio i Nashville den 2. mars 1949 med Fred Rose som produsent.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 387. 
  2. Escott, Colin (2004). Hank Williams: The Biography. Back Bay. s. 106. ISBN 0-316-73497-7. 
  3. Escott, Colin (2004). Hank Williams: The Biography. Back Bay. s. 332. ISBN 0-316-73497-7.