You're the One That I Want

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You're the One That I Want
av John Travolta og Olivia Newton-John
frå albumet Grease OST
B-side «Alone At The Drive-In Movie (Instrumental)»
Utgjeve Mai 1978
Sjanger Pop
Lengd 2:49
Selskap RSO
Låtskrivar(ar) John Farrar
Produsent John Farrar
Olivia Newton-John-kronologi
«Jolene»
(1978)
You're the One That I Want «Summer Nights»
(1978)
John Travolta-kronologi
«Razzamatazz»
(1977)
You're the One That I Want «Summer Nights»
(1978)

«You're the One That I Want» er ein song skriven av John Farrar for filmversjonen av musikalen Grease i 1978. Han vart framført av John Travolta og Olivia Newton-John. Singelen er ein av dei mestseljande gjennom tidene med over 6 millionar kopiar i USA, Storbritannia, Tyskland og Frankrike.[1][2][3]

Då han kom ut samstundeds med filmen (som vart særs populær verda over) vart singelen ein enorm internasjonal hit og nådde førsteplassen i mange land. I USA nådde singelen toppen av Billboard Hot 100-lista i ei veke i juni 1978,[4] og selde til platinaplate etter 2 millionar selde eksemplar.[5] Han toppa òg UK Singles Chart i ni veker sommaren 1978[6] fleire månader før filmen kom til landet. I Noreg låg songen heile 18 veker på toppen av VG-lista, stort sett heile hausten 1978, og låg i alt 28 veker inne på lista.

Fram til 2013 var singelen den femte mestseljande singelen gjennom tidene i Storbritannia, der han aleine har seld 2 millionar eksemplar.[7]

1998-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Ein dance-versjon av songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i 1998 og nådde då fjerdeplassen.[8]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Australian Kent Music Report 1
Austerrike 1
Canadian Singles Chart 1
Nederland 1
Eurochart Hot 100 1
Finland 1
Tyskland 1
Irish Singles Chart 1
Italia 3
Japan 25
New Zealand 1
Norske VG-lista 1
Sveits 1
Sverige 1
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 23
UK Singles Chart 1
Liste (1998) Plassering
Australian ARIA Singles Chart 32
Irish Singles Chart 15
UK Singles Chart 4

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1993 gav Epic Records ut ei innspeling frå Grease - Original London Cast Recording med Craig McLachlan og Deborah Gibson. Denne versjonen nådde 13. plassen i Storbritannia.[9]

Dei britiske komikarane Arthur Mullard og Hylda Baker gav ut ein versjon av songen i 1978. Songen er kanskje mest hugsa for ei dårleg framføring av songen på Top of the Pops, der både Mullard og Baker song falskt og feil tekst. Denne versjonen nådde 22. plass i Storbritannia.[10] Dei tyske komikarane Dieter Hallervorden og Helga Feddersen gav òg ut ein parodiversjon av songen kalla «Du, die Wanne ist voll». Denn nådde fjerdeplassen i Tyskland.

I 1982 spelte Alvin and the Chipmunks og Charlene the Chipette inn songen for albumet The Chipmunks Go Hollywood.

I 2004 gav The Beautiful South ut ein versjon av songen på albumet Golddiggas, Headnodders and Pholk Songs.

I 2012 vart ein versjon av Angus & Julia Stone nytta i ein reklame for Sky (UK and Ireland).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grein, Paul (August 26, 1978). «Billboard Vol. 90, No. 34». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). Henta 2012-06-08. 
  2. «Record Breakers and Trivia : Singles : Individual Hits : Sales». everyHit.com. http://www.everyhit.com/record4.html. Henta 2012. 
  3. «InfoDisc : Les 45 T. / Singles les plus vendus en France» (på fransk). Infodisc.fr. Syndicat National de l'Édition Phonographique. http://www.infodisc.fr/S_ToutTemps.php. Henta 2012. 
  4. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of #1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications), s. 484.
  5. "You're the One That I Want" certifications RIAA - Gold and Platinum Searchable Database
  6. 1978 UK Singles Chart info Chartstats.com. Retrieved 26. august 2014.
  7. Ami Sedghi (4 November 2012), UK's million-selling singles: the full list, Guardian, http://www.guardian.co.uk/news/datablog/2012/nov/04/uk-million-selling-singles-full-list, henta 4 November 2012 
  8. 1998 UK Singles Chart info Chartstats.com. Retrieved 26. august 2014.
  9. 1993 UK Singles Chart info Chartstats.com. Retrieved 26. august 2014.
  10. 1978 parody UK Singles Chart info Chartstats.com. Retrieved 26. august 2014.