You've Got a Friend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You've Got a Friend
Singel av Carole King
frå albumet Tapestry
Språk engelsk
Utgjeve 1971
Sjanger Softrock
Lengd 5:09
Selskap
Komponist Carole King
Tekstforfattar Carole King
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Lou Adler
You've Got a Friend
Singel av James Taylor
frå albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon
B-side

You Can Close Your Eyes

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1971
Sjanger
Lengd 4:29
Selskap Warner Bros.
Komponist Carole King
Tekstforfattar Carole King
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
«Country Road»
(1971)
You've Got a Friend «You Can Close Your Eyes»
(1971)


«You've Got a Friend» er ein song frå 1971 skriven av Carole King. Han vart først spelt inn av King for albumet hennar Tapestry. Ein annan kjend versjon vart spelt inn av James Taylor for albumet hans Mud Slide Slim and the Blue Horizon. Versjonen hans kom ut på singel i 1971 og gjekk til topps på Billboard Hot 100 og nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart. Dei to versjonane vart spelte inn samstundes i 1971 med dei same musikarane.

«You've Got a Friend» vann Grammyprisar både for Taylor (beste mannlege popframferd) og King (årets song). Mange andre artistar har spelt inn songen i løpet av åra, som Dusty Springfield, Michael Jackson, Anne Murray og Donny Hathaway.

Historie[endre | endre wikiteksten]

James Taylor og Carole King på Troubadour Reunion Tour i 2010.

«You've Got a Friend» vart skriven av Carole King under innspelinga i januar 1971 for hennar eige album Tapestry og James Taylor sitt Mud Slide Slim and the Blue Horizon. King har uttalt at «songen var så nær rein inspirasjon som eg nokon gong har opplevd. Songen skreiv seg sjølv. Han vart skriven av noko utanfor meg sjølv, gjennom meg.»[1] Ifølgje Taylor fortalde King han at songen var eit svar på ein replikk i den tidlegare songen til Taylor «Fire and Rain» om at «eg har sett einsame tider då eg ikkje kunne finna ein venn.»[2][3] Albumet til King vart spelt inn i ein overlapp med Taylor sitt og King, Danny Kortchmar og Joni Mitchell opptrer på begge. Songen er inkludert på begge albuma. King sa i eit intervju frå 1972 at ho «ikkje skreiv han med James eller nokon andre spesifikt i tankane. Men då James høyrde songen likte han den veldig godt og ønsket å spela han inn».[4]

Taylor sin versjon vart gjeven ut på singel, og gjekk til topps på Billboard Hot 100 og fjerdeplassen på UK Singles Chart. James Taylor-versjonen heldt òg til ei veke på toppen av Easy Listening-lista.[5] Billboard rangerte songen som nummer 16 for 1971.

Under innspelingsprosessen tilbaud Taylor òg Mary Hopkin, som var på same plateselskapet som hans sjølv, Apple Records, ein sjanse til å spela inn songen, men ho avviste, ei avgjerd ho seinare sa at ho angra sterkt på.[6]

James Taylor og Carole King framførte «You've Got a Friend» saman i 2010 under deira Troubadour Reunion Tour. I 2015 framførte Taylor ei akustisk attgjeving av songen på Hôtel de Ville i Paris, på invitasjon frå den amerikanske utanriksministeren John Kerry og Paris-ordføraren Anne Hidalgo som ein hyllest til offera for Île-de-France-åtaka i januar 2015.[7]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I følgje forfattaren James D. Perone er songen eit uttrykk for «ein universell, systerleg/broderleg, agape-aktig kjærleik frå eitt menneske til eit anna, uavhengig av kjønn.»[8] Den «tryggande» teksten har lenge gjort songen populær blant einsame menneske som treng eit sjølvtillitsløft.[9][10] Meldingane i songen om vennskap utan grenser og at ein venn er der når du er i naud har universell appell.[11] For Taylor hadde teksten spesiell resonans på grunn av depresjonen han hadde komme seg etter kort tid før han høyrde King spela songen.[9] Musikken rører seg mellom ein dur- og molltoneart, noko som ifølgje musikkritikaren Maury Dean gjev songen ei «sympatisk stemning.»[11]

I meldinga si av Tapestry kalla Rolling Stone-kritikaren Jon Landau «You've Got a Friend» for Carole King sin «mest perfekte nye song».[12] Han roste særskild korleis melodien og teksten støttar kvarandre, og den «nydelege, rettferdige rockemelodien» til teksten på slutten.[12] Mojo såg på songen som truleg «kjernen på Tapestry».[1] Allmusic- kritikaren Stewart Mason kommenterte den «klåre intimiteten» i framføringa til King.[13] Mason meinte ut at «sjenansen» i røysta til King gjev innspelinga hennar av songen ei oppriktigheit som han synest Taylor manglar.[13] Mason roser òg «djupna og skuggelegginga» som strengeinstrumenta på utgåva til King gjev.[13]

I meldinga si av Mud Slide Slim and the Blue Horizon skildra Rolling Stone-kritikaren Ben Gerson «You've Got a Friend» som ein «bekreftande song», men indikerte at versjonen til James Taylor var for lik originalversjonen til Carole King til å ha vore verd å inkludera på albumet hans.[14] Musikkritikaren Maury Dean sildra framføringsstilen til Taylor på songen som minimalistisk og folkeleg og kommenterer hans «stjernespranga oppriktigheit.»[11] Cash Box roste det «velsmakande materialet og den fantastiske tolkinga til Taylor.»[15]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Australia (Kent Music Report)[16] 25
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[17] 12
Canada Top Singles (RPM)[18] 2
Irland (IRMA)[19] 3
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[20] 20
Nederland (Mega Single Top 100)[21] 14
UK Singles (Official Charts Company)[22] 4
US Adult Contemporary (Billboard)[23] 1
US Billboard Hot 100[24] 1
US Cash Box Top 100[25] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada RPM Top Singles[26] 33
UK[treng kjelde] 32
US Billboard Hot 100[27] 16
US Cash Box[28] 27

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[29] Sølv 200 000^
USA (RIAA)[30] Gull 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Carole King-versjonen[endre | endre wikiteksten]

James Taylor-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Brand New Heavies-versjonen[endre | endre wikiteksten]

You've Got a Friend
Singel av The Brand New Heavies
frå albumet Shelter
B-side

Remix

Språk engelsk
Utgjeve 1997
Sjanger
Lengd 3:27
Selskap FFRR
Komponist Carole King
Tekstforfattar Carole King
Låtskrivar(ar) Carole King
Produsent The Brand New Heavies
The Brand New Heavies-kronologi 
«You Are the Universe»
(1997)
You've Got a Friend «Shelter»
(1998)


«You've Got a Friend» vart spelt inn av den britiske acid jazz og funk-gruppa The Brand New Heavies for albumet deira Shelter i 1997 og var den tredje singelen deira frå albumet. Han nådde niandeplassen på UK Singles Chart og 13. plassen i Skottland i oktober 1997.[31] Songen nådde òg topp 10 i Ungarn. Gruppa framførte songen på musikkprogrammet Top of the Pops.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Daily Record sa at «London sitt soul-funk-band er attende i form» på dette sporet.[32]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-singel, UK & Europa (1997)
  1. «You've Got A Friend» (Radio Version)
  2. «You Are The Universe» (Recorded Live At The Forum)
  3. «Midnight At The Oasis» (Recorded Live At The Forum)
  4. «Sometimes» (Recorded Live At The Forum)
CD-singel, UK & Europa (1997)
  1. «You've Got A Friend» (Radio Version) - 3:27
  2. «You've Got A Friend» (Brooklyn Funk R&B Mix) - 4:58
  3. «You've Got A Friend» (Ballistic Brothers Mix) - 5:00
  4. «You've Got A Friend» (Brooklyn Funk Club Mix) - 4:54
  5. «You've Got A Friend» (Tee's Club Mix) - 6:27
  6. «You've Got A Friend» (Original Mix) - 3:48

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Europa (Eurochart Hot 100)[33] 24
Tyskland (Media Control AG)[34] 77
Nederland (Mega Single Top 100)[35] 79
Hungary (Mahasz)[36] 7
Iceland (Íslenski Listinn Topp 40)[37] 32
Irland (IRMA)[38] 25
Skottland (Official Charts Company)[39] 13
UK Singles (Official Charts Company)[40] 9

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Dusty Springfield spelte inn songen tidleg i 1971 under øktene for hennar tredje Atlantic Records-album Faithful. Innspelinga hennar er tidlegare enn James Taylor, men vart skrinlagt til 1999 då versjonen vart inkludert som eit bonusspor på luksusutgåva av dei første Atlantic-albuma hennar, det kritikarroste Dusty in Memphis (som inneheldt fire Carole King-komposisjonar). Faithful vart ikkje gjeve ut på grunn av tvistar mellom Springfield og Atlantic, men øktene vart til slutt gjeve ut som eit frittståande album i 2015.

Songen vart spelt inn av Roberta Flack og Donny Hathaway for albumet deira Roberta Flack & Donny Hathaway frå 1972 og vart gjeve ut som den første singelen til albumet. Singelen vart gjeve ut eit år før albumet vart utgjeve, og vart tilfeldigvis utgjeve på same dato som singelen til James Taylor: 29. mai 1971. Flack og Hathaway-versjonen nådde 29. plassen på på Billboard Hot 100 og åttandeplassen på på R&B-lista.[41]

Denne songen vart òg spelt inn av Aretha Franklin for live-gospel-framferda hennar Amazing Grace frå 1972, sjølv om han vart gjeve ut på det albumet som ein del av ein medley med «Precious Lord Take My Hand». Denne versjonen av songen vart kjent for eit breiare publikum med 2018-utgjevinga av dokumentaren med filmen frå desse konsertane, òg kalla Amazing Grace: The Complete Recordings. Rhino Records gav ut plata på fire LP-ar og to CD-ar i mars 2019.[42]

I omtrent 1973 eller 1974 vart songen spelt av den kambodsjanske songaren Pou Vannary med teksten omsett til khmer.[43] Vannary si attgjeving er med på lydsporet til dokumentarfilmen Don't Think I've Forgotten frå 2015.[44]

«You've Got a Friend» vart framført av Celine Dion, Shania Twain, Gloria Estefan og Carole King på VH1 Divas Live-konserten i Beacon Theatre i New York i 1998.[45] Han vart gjeven ut som singel og nådde nummer 74 på det belgiske Flanders Airplay-lista.[46]

I 2005 hamna det britiske pop/rock-bandet McFly sin versjon av denne songen som toppen av UK Singles Chart. Denne vart gjeve ut som ei dobbel-A-side saman med songen deira «All About You». Dette var òg den offisielle singelen for årets Comic Relief-arrangement.

Yo La Tengo spelte denne songen på albumet deira Popular Songs.

Den amerikanske TV-serien Glee brukte denne songen i ein mashup med Alanis Morissette-songen «You Learn» for sesong seks-episoden «Jagged Little Tapestry», ein hyllest til både King-albumet Tapestry og Morisette-albumet Jagged Little Pill. Han vart framført av Rachel Berry (Lea Michele), Santana Lopez (Naya Rivera), Brittany Pierce (Heather Morris), Tina Cohen-Chang (Jenna Ushkowitz), Quinn Fabray (Dianna Agron) og Kurt Hummel (Chris Colfer).

Sarah Geronimo og Daddy Delfin Geronimo spelte songen for albumet hennar frå 2013, Expressions.

Hiphop-boybandet Brockhampton spelte songen på scenen for konsertfilmen deira, Live From The Chapel.[47]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Magazine, Various Mojo (November 2007). «Tapestry». The Mojo Collection (4th utg.). ISBN 9781847676436. 
  2. Greene, Andy (13. august 2015). «James Taylor: My Life in 15 Songs». Rolling Stone. Henta 23. august 2021 – via James Taylor Official Site. 
  3. White, T. (4. august 2015). «James Taylor Looks Back on His Classics». Easy 93.1 FM. Henta 16. mai 2022. 
  4. Harvey Kubernik (2008). «Troubadours - Carole King's Monumental Tapestry Album | American Masters | PBS». pbs.org. Henta 20. mars 2013. 
  5. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 239. 
  6. Intervju med Mary Hopkin, Record Collector nr. 108, August 1988
  7. Megan Gibson (16. januar 2015). «Watch James Taylor Sings «You've Got a Friend» with John Kerry». Time.com. Henta 20. juli 2016. 
  8. Perone, J.D. (2006). The Words and Music of Carole King. Greenwood Publishing. s. 40. ISBN 9780275990275. 
  9. 9,0 9,1 Halperin, Ian (2003). Fire and Rain: The James Taylor Story. Citadel. s. 128–129. ISBN 978-0806523484. 
  10. White, T. (2009). Long Ago and Far Away. Omnibus Press. s. 190. ISBN 9780857120069. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Dean, M. (2003). Rock 'n' Roll Gold Rush. Algora. s. 254–255. ISBN 0875862071. 
  12. 12,0 12,1 Landau, J. (29. april 1971). «Tapestry». Rolling Stone. Henta 28. november 2021. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Mason, S. «You've Got a Friend». Allmusic. Henta 22. april 2014. 
  14. Gerson, B. (24. juni 1971). «Mud Slide Slim and the Blue Horizon». Rolling Stone. Henta 28. november 2021. 
  15. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 5. juni 1971. s. 22. Henta 10. desember 2021. 
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada.
  18. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  19. "The Irish Charts – Search Results – You've Got a Friend". Irish Singles Chart.
  20. "Nederlandse Top 40 – James Taylor search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  21. "Dutchcharts.nl – James Taylor – You've Got a Friend" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  22. "Chart Stats – James Taylor – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  23. "Taylor?f=341&g=Singles James Taylor Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for James Taylor. Prometheus Global Media.
  24. "Taylor?f=379&g=Singles James Taylor Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for James Taylor. Prometheus Global Media.
  25. «Cash Box Top 100 8/07/71». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 8. juni 2015. Henta 19. januar 2018. 
  26. «RPM 100 - Top Hits of '71». collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 20. oktober 2012. 
  27. «Top 100 Hits of 1971/Top 100 Songs of 1971». www.musicoutfitters.com. 
  28. «Cash Box YE Pop Singles - 1971». tropicalglen.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2016. Henta 19. januar 2018. 
  29. «British single salstrofé – James Taylor – You've Got a Friend». British Phonographic Industry.  Enter You've Got a Friend in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  30. «American single salstrofé – James Taylor – You've Got a Friend». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  31. «Home Design ~ officialcharts». www.officialcharts.com. 
  32. «Chart Slot». Daily Record. 24. oktober 1997..
  33. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media. Henta 16. mai 2022. 
  34. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  35. "Dutchcharts.nl – The Brand New Heavies – You've Got A Friend" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  36. «Top 10 Hungary» (PDF). Music & Media. Henta 16. mai 2022. 
  37. «Íslenski Listinn NR. 249 vikuna 27.11. - 4.12. 1997». Dagblaðið Vísir - Tónlist. Henta 16. mai 2022. 
  38. "The Irish Charts – Search Results – The Brand New Heavies". Irish Singles Chart.
  39. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  40. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  41. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 206. 
  42. Aretha Franklin - Precious Lord, Take My Hand / You've Got a Friend (Official Audio)YouTube
  43. Scheck, Frank (22. april 2015). «'Don't Think I've Forgotten: Cambodia's Lost Rock and Roll': Film Review». The Hollywood Reporter. Henta 31. juli 2018. 
  44. Pirozzi, John (director, produsent), Andrew Pope (produsent) (2015). Don't Think I've Forgotten (film) (på engelsk og khmer). Argot Pictures. 
  45. Glatzer, Jenna (2005). Céline Dion: For Keeps. Andrews McMeel Publishing. ISBN 0-7407-5559-5. 
  46. Jaspers, Sam (2006). Ultratop 1995-2005. Book & Media Publishing. ISBN 90-5720-232-8. 
  47. BROCKHAMPTON - YOU'VE GOT A FRIEND | Live From The Chapel (på engelsk), henta 16. mai 2022