You Ask Me To

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You Ask Me To
Singel av Waylon Jennings
frå albumet Honky Tonk Heroes
B-side

«Willy the Wandering Gypsy and Me»

Utgjeve 6. oktober 1973
Sjanger Country
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Waylon Jennings, Billy Joe Shaver
Produsent Waylon Jennings
Waylon Jennings-kronologi 
«We Had It All»
(1973)
You Ask Me To «This Time»
(1974)


«You Ask Me To» er ein song skriven av Billy Joe Shaver og Waylon Jennings. Han vart opphavleg spelt inn av Jennings på albumet Honky Tonk Heroes i 1973. Singelen låg 15 veker inne på Billboard country singles-lista og nådde åttandeplassene der.[1] Shaver spelte inn sin eigen versjon i 1977 for albumet Gypsy Boy, med gjesteartisten Willie Nelson på gitar og vokal.[2] «You Ask Me To» vart òg gjeven ut som den siste songen på Elvis Presley-albumet Promised Land i 1975 og vart spelt inn i desember 1973 i Stax Records sine studio i Memphis og gjeven ut på 40-årsdagen til Presley. Han kom òg ut i eit anna arrangement på det posthume albumet Guitar Man i 1981, som nådde topp 50 i USA.[3]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Waylon Jennings-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Lister (1973) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 8[1]
Canada RPM Country Tracks 8

Billy Joe Shaver-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Lister (1978) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 80

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Waylon Jennings [«Chart and Awards» section]». Allmusic. Henta 24. juni 2017. 
  2. Jurek, Thom. «Gypsy Goy». Allmusic. Henta 24. juni 2017. 
  3. «Guitar Man [«Chart and Awards» section]». Allmusic. Henta 24. juni 2017.