You Can't Do That

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You Can't Do That
av The Beatles
frå albumet A Hard Day's Night
A-side

«Can't Buy Me Love»

Språk engelsk
Utgjeve 16. mars 1964 (US)
20. mars 1964 (UK)
Innspelt 25. februar 1964,
EMI Studios, London
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues[1][2]
Lengd 2:37
Selskap
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Britisk The Beatles-singel-kronologi 
«I Want to Hold Your Hand»
(1963)
You Can't Do That «A Hard Day's Night»
(1963)
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi
«Twist and Shout»
(1964)
You Can't Do That «Love Me Do»
(1964)


«You Can't Do That» er ein song skriven av John Lennon[3][4][5] (tilskriven Lennon–McCartney) og gjevne ut av The Beatles som B-sida til den sjette britiske singelen deira, «Can't Buy Me Love».[6]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein av dei delvis sjølvbiografiske songane til Lennon[5] som «sette ein lun tone opp mot spente trugslar, seksuell paranoia og sutring og ein dragande rytme,» i følgje Robert Sandall.[7] Sjalusitemaet i songen var noko Lennon kom attende til i andre ssongar, som «Run for Your Life» og «Jealous Guy». Han var inspirert av den då relativt ukjende Wilson Pickett[3] og songen har røter i ein 12-taktsblues.[8] Lennon spelte gitarsoloen på songen.[3]

George Harrison skreiv riffet som vert nytta i starten og slutten av songen i studioet i følgje Tom Petty i Rolling Stone. Då Petty spurte han om korleis han kom på riffet, svarte Harrison «eg berre stod der i studio og tenkte, 'Eg må gjere noko!'».[9]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«You Can't Do That» vart spelt inn tysdag 25. februar 1964 i Abbey Road Studios i London.[10] Eit tidleg forsøk med rettleiande vokal finst på Anthology 1.[11] Det var den første songen som var ferdig veka før The Beatles byrja å filme A Hard Day's Night, men «I Should Have Known Better» og «And I Love Her» vart påbyrja same dagen.

Medan dei var i New York for The Ed Sullivan Show vart gitaristen George Harrison presentert ein Rickenbacker 360 Deluxe elektrisk gitar med 12 strengjer verdt (i 1964) 900 amerikanske dollar.[4][12] Det var berre den andre som var laga då, og han vart høyrt for første gongen på «You Can't Do That» og gjev songen den særeigne ringande lyden.[4]

Songen vart først gjeven ut som B-side på «Can't Buy Me Love» den 16. mars 1964 i USA av Capitol Records og den 20. mars 1964 i Storbritannia av Parlophone. Det var den sjuande singelen til Beatles i USA og den sjette i Storbritannia.[6] Songen kom sidan ut på albumet A Hard Day's Night i Storbritannia og The Beatles' Second Album i USA.[6]

The Beatles vart filma då dei mima til «You Can't Do That» som ein del av den siste konsertsekvensen i filmen A Hard Day's Night. Filminga fann stad 31. mars 1964 på Scala Theatre i London, men vart ikkje nytta. Han vart derimot send på The Ed Sullivan Show den 24. mai.[13] Framføringa er med i dokumentarfilmen The Making of «A Hard Day's Night».

The Beatles spelte inn «You Can't Do That» fire gonger for BBC radio i 1964. Han vart òg framført på konsertane deira det året, og var den andre songen på setlista, etter «Twist And Shout», på turneen deira i Australia og Nord-Amerika.[13]

I følgje Mark Lewisohn i boka The Beatles Recording Sessions overdubba George Martin eit pianospor til opptak 9 den 22. mai 1964 for albumversjonen av songen, men dette vart aldri brukt.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Harry Nilsson-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«You Can't Do That» vart spelt inn av Harry Nilsson for debutalbumet hans Pandemonium Shadow Show (1967). Nilsson omarrangerte songen slik at han vart meir langsam. Han arbeidde òg inn referansar til 18[14] andre Beatles-melodiar i miksen, som regel med å sitere små utdrag av tekstane i korvokalen.

Songen vart den første hitten til Nilsson som artist, men nådde berre 122. plassen på den amerikanske lista, medan han gjekk inn på Topp 10 i Canada. I lag med resten av albumet vart Nilsson ein av favorittartistane til The Beatles. Lennon skal ha lytta til Pandemonium Shadow Show i 36 timar på rad då han fekk eit eksemplar av Derek Taylor. Han ringde så til Nilsson for å gratulere han, noko som starta eit venskap som varte livet ut for Lennon. Seinare, under ein pressekonferanse i 1968 for å annonsere skipinga av Apple Corps, vart Lennon spurt kven den amerikanske favorittartisten hans var. Han svarte då Nilsson. Det same gjorde McCartney.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pollack 1992.
  2. Unterberger 2009.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 MacDonald 2005, s. 106–107.
  4. 4,0 4,1 4,2 Harry 1992, s. 715.
  5. 5,0 5,1 Miles 1997, s. 164.
  6. 6,0 6,1 6,2 Lewisohn 1988, s. 200.
  7. Sandall 2000, s. 114.
  8. Complete Scores 1993, s. 1077.
  9. «George Harrison | 100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. 18. desember 2015. Henta 11. mars 2018. [daud lenkje]
  10. Lewisohn 1988, s. 39.
  11. Lewisohn 1995, s. 34.
  12. The Beatles 2000, s. 81.
  13. 13,0 13,1 The Beatles Bible 2008.
  14. «Song of the day: Harry Nilsson – «You Can’t Do That»». Peter's Power Pop. Henta 13. september 2017. 
  15. Deming, Mark. You Can't Do ThatAllmusic. Henta 27. desember 2016.