You Can't Hurry Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You Can't Hurry Love
Singel av The Supremes
frå albumet The Supremes A' Go-Go
B-side «Put Yourself in My Place»
Utgjeve 25. juli 1966
Innspelt Hitsville USA. (Studio A); 11. juni og 5. juli 1966
Sjanger Pop, soul, R&B
Lengd 2:47
Selskap Motown M 1097
Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Produsent Brian Holland
Lamont Dozier
The Supremes-kronologi
«Love Is Like an Itching in My Heart»
(1966)
You Can't Hurry Love «You Keep Me Hangin' On»
(1966)


«You Can't Hurry Love» er ein song frå 1966 som opphavleg vart spelt inn av The Supremes for Motown.

Han vart skriven og produsert av produksjonslaget til Motown, Holland–Dozier–Holland og gjekk heilt til topps på den amerikanske Billboard pop-lista, nådde Topp 5 i Storbritannia og Topp 10 i Australia då han kom ut på seinsommaren 1966.[1] Seksten år seinare gjekk han igjen til topps på listene då Phil Collins spelte inn ein versjon av songen. Denne gjekk til topps i Storbritannia i januar 1983.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om minnet om oppfordringa frå ei mor («My mama said 'you can't hurry love/No you just have to wait'»)[2] som fortel dottera si om å vere tolmodig og at ho vil finne den rette ein dag. Dette er eit døme på sterk innverknad frå gospel i mykje av R&B og soulmusikk. «You Can't Hurry Love» syner òg utviklinga av stilen til The Supremes, som flytta seg frå den tidlegare tenåringspopen til meir modne tema og musikalske arrangement. Denne songen og «You Keep Me Hangin' On» vart gjort ferdige i lag, og Motown valte å gje ut denne songen som den første singelen.

«You Can't Hurry Love» er ein av signaturlåtane til både the Supremes og Motown. Singelen vart den sjuande singelen til The Supremes som gjekk til topps i USA,[3] og låg på toppen av Billboard Hot 100 i to veker frå 4. til 17. september 1966. Han låg òg øvst på soul-lista i to veker. gruppa framførte songen på CBS-showet The Ed Sullivan Show sundag 25. september 1966.[4]

«You Can't Hurry Love» var den andre singelen frå Supremes-albumet The Supremes A' Go-Go. The Supremes-v-ersjonen av songen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame-samlinga over dei 500 songane som forma rock and roll.

The Supremes gav òg ut sin eigen italienskspråklege versjon av songen: L'amore verrà (Love will come).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
USA Billboard Hot 100 Chart 1
USA Billboard R&B Singles Chart 1
USA Cash Box Pop Singles Chart 1
Kanadiske RPM 100[6] 3
UK Singles Chart 3

Phil Collins[endre | endre wikiteksten]

You Can't Hurry Love
Singel av Phil Collins
frå albumet Hello, I Must Be Going!
B-side «I Cannot Believe It's True» (International) / «Do You Know, Do You Care?» (Nord-Amerika)
Utgjeve 27. november 1982[7]
Innspelt 1982
Sjanger Poprock, blue-eyed soul, R&B
Lengd 2:56
Selskap Virgin Records (UK)

Atlantic Records (International)

Produsent Phil Collins, Hugh Padgham
Phil Collins-kronologi
«Thru These Walls» (1982) You Can't Hurry Love = «I Don't Care Anymore» (1983)


Den mest kjende coverversjonen av songen kom ut seint i 1982 som ein singel av Phil Collins frå det andre soloalbumet hans, Hello, I Must Be Going! Versjonen til Collins nådde toppen av singellista i Storbritannia (og vart den første topplasseringa hans i heimlandet) og 10. plass i USA.[8] Collins hadde tidlegare gjeve ut andre sine songar på albuma sine (Genesis sin «Behind the Lines» og The Beatles sin «Tomorrow Never Knows» på Face Value), men «You Can't Hurry Love» var den første han gav ut som singel. Collins-versjonen var opningssporet på den aller første Now That's What I Call Music-samleplata.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982/1983) Plassering
Nederland 1[9]
Tyskland 3
UK Singles Chart 1
USA Billboard Hot 100 10
USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 9
USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 24

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt «You Can't Hurry Love» er mellom andre Stray Cats og Dixie Chicks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Billboard Hot 100». Billboard (Nielsen Company) 78 (38): 26. 1966. Henta 10. mai 2011. 
  2. Show 50 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 6] : UNT Digital Library
  3. Bronson, Fred: The Billboard Book of Number 1 Hits, page 207. Billboard Books, 2003.
  4. «The Supremes, Ethel Merman, Nipsey Russell». The Ed Sullivan Show. CBS. WCBS, New York City. 25 September 1966. nr. 3, sesong 20.
  5. Wright, Vickie (2007). Motown - From the Background. Bank House Books. 
  6. RPM Top Singles - Volume 6, No. 5, September 26 1966, http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5723&type=1&interval=24&PHPSESSID=8t65rlgb8qdcm7u3ai5fns4601
  7. Phil Collins: UK Top 10 hits
  8. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 60. ISBN 0-87586-207-1. 
  9. «De Nederlandse Top 40, week 1, 1983». http://www.radio538.nl/web/show/id=44685/chartid=6154. Henta February 21, 2008.