You Gave Me a Mountain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You Gave Me a Mountain
Singel av Frankie Laine
frå albumet You Gave Me a Mountain
B-side

«The Secret of Happiness»

Utgjeve 1969
Innspelt 1968
Sjanger Country
Selskap ABC 11174
Låtskrivar(ar) Marty Robbins
Produsent Jimmy Bowen
Frankie Laine-kronologi 
«Please Forgive Me»
(1968)
You Gave Me a Mountain «Dammit Isn't God's Last Name»
(1969)


«You Gave Me a Mountain» (stundom «Lord, You Gave Me a Mountain») er ein song skriven av countryartisten Marty Robbins i 1960-åra. Han har blitt spelt inn sidan av mange artistar, inkludert Robbins sjølv, men den største hitten fekk Frankie Laine i 1969. Denne versjonen kom ut på albumet til Laine med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I sjølvbiografien til Laine, That Lucky Old Son, sa han at «Marty Robbins sa ein gong til meg at han hadde prøvd å få 'You Gave Me a Mountain' kjend for meg i fleire år, før han endeleg klarte det i november 1968. Eg skulle ønskt han hadde vore kjappare, for det var mange gonger i midten av 1960-åra der eg lengta etter ein så bra song.»[1]

Teksten handlar om ei rekkje utfordringar songaren må gjennom i livet sitt, som at mora døyr då ho føder han, at han vart uskuldig fengsla og at kona tar barna og forlet han. Han skildrar desse som åsar han må over, men at denne gongen har Herren gjeve han eit fjell han må klatre.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på singel i 1969 og vart ein hitsingel for den då 55 år gamle Laine på den amerikanske singellista. Han nådde 24. plassen på Billboard Hot 100 i mars det året, og låg i alt sju veker inne på topp 40,[2] og vart den siste topp 40-hitten til i den lange karrieren til Laine. Same månaden låg songen to veker på toppen av Billboard Easy Listening-lista.[1]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Frankie Laine-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 24
U.S. Billboard Easy Listening 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Robbins spelte inn ein versjon av sin eigen song, men denne vart ikkje gjeven ut på singel, berre på albumet It's a Sin i 1969[3] i tillegg til somme av samlealbuma hans. Countrysongaren Johnny Bush spelte òg ein versjon av songen i 1969 og denne nådde sjuandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista det året.[1] Elvis Presley spelte songen på konserten sin i Honolulu i 1973, Aloha from Hawaii og det påfølgjande konsertalbumet Aloha from Hawaii: Via Satellite.[1] Presley sin versjon finst på fleire av albuma hans utover 1970-åra.

Andre artistar som spelte inn versjonar av songen eller spelte han på konsertar var Don McLean, Eddy Arnold, Ray Price, Margie Singleton, Gene Watson, Jim Nabors, Dean Martin og Christer Sjögren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), page 71.
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 356.
  3. Marty Robbins It's a Sin CMT.com. Henta 9 August 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]