You Make Loving Fun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You Make Loving Fun
Singel av Fleetwood Mac
frå albumet Rumours
B-side

«Gold Dust Woman» (USA) eller «Never Going Back Again» (UK)

Språk engelsk
Utgjeve September 1977
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 3:36
Selskap Warner Bros.
Komponist Christine McVie
Tekstforfattar Christine McVie
Låtskrivar(ar) Christine McVie
Produsent Fleetwood Mac, Richard Dashut, Ken Caillat
Fleetwood Mac-kronologi 
«Dreams»
(1977 UK)

«Don't Stop»
(1977 USA)
You Make Loving Fun «Tusk»
(1979)


«You Make Loving Fun» er ein song skriven og sungen av Christine McVie frå det britisk-amerikanske bandet Fleetwood Mac. Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet Rumours i 1977. Som dei tre første singlane frå Rumours gjekk han inn på Topp 10 i USA med ein niandeplass på Billboard Pop Singles Chart.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen var inspirert av eit kjærleiksforhold McVie hadde med Curry Grant.[1] «For å unngå krangling», fortalte ho den dåverande ektemannen John McVie at songen handla om songen hennar. Han fann seinare ut kva songen verkeleg handla om.[2]

Ei tidleg utgåve av songen vart i følgje McVie spelt inn utan Lindsey Buckingham, som gjorde at ho fekk fridom til «å byggje songen på eiga hand». Buckingham spelte rytmegitar (gjennom ein Leslie) medan McVie spelte Fender Rhodes, Nicks spelte tamburin. Bassen til John McVie vart spelt inn på ny seinare og Mick Fleetwood og Christine McVie la oppå Hohner Clavinet.[2] I eit intervju med New York Post sa ho at ho hadde ønskt at dette vart den tredje singelen deira i USA frå albumet, men i staden valde dei ut «Don't Stop», som var medverkande til dei store salstala til albumet i USA og Storbritannia.[1]

«You Make Loving Fun» vart spelt på konsertane til Fleetwood Mac i mange år, og på alle turneane då Christine McVie var med frå 1976 til 1997, eit år før ho slutta i bandet. Songen vart spelt på nytt att i 2014-2015 då McVie kom attende til bandet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Songen vart òg spelt inn av Cyndi Lauper i 1977.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Furman, Leah (2003). Rumours Exposed: The Unauthorized Biography of Fleetwood Mac. Kensington. s. 105–106, 133–34. ISBN 9780806524726. 
  2. 2,0 2,1 Caillat, Ken; Stiefel, Steve (2012). Making Rumours: The Inside Story of the Classic Fleetwood Mac Album. John Wiley & Sons. s. 101, 106–110, 195. ISBN 9781118282366. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]