You Shook Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You Shook Me
Singel av Muddy Waters
Innspelt 27. juni 1962
Chicago
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:44
Selskap Chess (Cat. nr. 1827)
Låtskrivar(ar) Willie Dixon, J. B. Lenoir
Produsent Willie Dixon

«You Shook Me» er ein bluessong skriven av Willie Dixon og J. B. Lenoir. Earl Hooker spelte han først inn som ein instrumental, før Muddy Waters i 1962 song inn vokal på instrumentalen.

Singelen er med Muddy Waters på vokal, J.T Brown Ernest Cotton på tenorsaksofon, Johnny «Big Moose» Walker på orgel, Earl Hooker på gitar, Willie Dixonbass og Casey Jones på trommer.

Led Zeppelin-versjonen[endre | endre wikiteksten]

You Shook Me
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969
Sjanger Bluesrock
Lengd 6:28
Selskap Atlantic
Produsent Jimmy Page

Songen er spelt inn av fleire andre artistar, mellom andre Jeff Beck på albumet Truth (1968), men mest kjend av det engelske rockebandet Led Zeppelin på debutalbumet Led Zeppelin (1969).

Sidan Led Zeppelin spelte inn si utgåve i 1969, berre få månader etter Beck, skulda han dei for å ha stole ideen hans. Dette i lag med den generelle likskapen mellom Led Zeppelin og Truth, førte til ein lang splid mellom Beck og Jimmy Page.[1] Beck og Page hadde vore vener i mange år før det, og hadde spelt i lag som medlemmer av The Yardbirds[2]. Interessant nok hadde bassist og klaverspelar i Led Zeppelin, John Paul Jones spela orgel på utgåva til Beck, då han jobba som studiomusikar før han byrja i Led Zeppelin.

I eit intervju i 1977, sa Page:

« Me hadde gjort den første LPen vår ... med «You Shook Me», og så høyrte eg at Beck hadde gjort «You Shook Me» ... eg vart vettskremd for eg trudde dei kom til å vere like. Men eg visste ikkje ein gong at han hadde spelt han inn, og han visste ikkje at me hadde gjort det.[3] »

I eit anna intervju i 1977 sa Page:

« Beck hadde same musikksmak som meg. Det er derfor me på dei tidlege albuma våre begge gjorde songar som «You Shook Me». Det var slikt me begge hadde spelt ført. Nokon fortalte meg at han alt hadde spelt inn songen etter at me alt hadde spelt han inn for det første Zeppelin-albumet. Eg tenkte, «kjære vene, dei kjem til å vere heilt like», men det var heldigvis ikkje slik. Eg hadde inga aning om at han hadde gjort songen. Det er eit klassisk døme på å komme frå det same musikalske området, å ha liknande smak.[2] »

Beck sa at då han først høyrte at Page hadde spelt inn songen, så var det Page sjølv som spelte songen for han:

« Han sa, «Høyr på dette. Høyr på Bonzo, denne fyren John Bonham som eg har». Og eg sa ok, og hjarte mitt sokk då eg høyrte «You Shook Me». Eg såg på han og sa «Jim, kva?» og tårene kom ut i sinne. Eg tenkte «Dette er tull, det må det vere». Eg meiner, her vert Truth framleis spelt på alle platespelarar, og så kjem denne kalkunen ut med ein annan versjon. Du slette tid ... då eg skjønte det var seriøst, og han hadde denne tungvektaren av ein trommeslagar, så tenkte eg «Her er det på han igjen» - slått på målstreken på ein måte.[4] »

På Led Zeppelin-innspelinga spelar Jones både orgel og elektrisk piano. Page nyttar teknikken sin med «baklengs ekko» mot slutten av songen med Robert Plant sin skrikande vokal og gitaren. Denne produksjonsteknikken gjekk ut på at ein høyrer ekkoet før sjølve lyden, i staden for etter lyden. Dette får ein til ved å snu lydbandet, ta opptak av ekkoet på eit ledig lydspor, så snu lydbandet for å få ekkoet før lydsignalet. Page utvikla denne ideen på singelen «Ten Little Indians» med The Yardbirds i 1967.[5]

«You Shook Me» var ein av dei første Led Zeppelin-songane med call-and-response-effekten frå blues, ein stil bandet ofte nytta i studio og på konsertar sidan.[1] Jimmy Page nyttar ein slidegitar på denne songen og songen opnar med eit bluesriff liknande Elmore James. Kanskje det var fordi songen syner talenta til alle dei fire bandmedlemmane at songen vart mykje spela på dei tidlege konsertane deira. Frå 1973 vart derimot songen sjeldan spelt. Stundom var songen ein del av «Whole Lotta Love».

Jimmy Page spela songen då han turnerte med The Black Crowes i 1999.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. 2,0 2,1 Dave Schulps, Intervju med Jimmy Page, Trouser Press, Oktober 1977.
  3. Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview, Modern Guitars, May 25, 2007 (originally published in the July 1977, issue of Guitar Player magazine).
  4. Mick Wall (2008), When Giants Walked the Earth: A Biography Of Led Zeppelin, London: Orion, s. 57.
  5. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, Januar 1998.