You Showed Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You Showed Me
Singel av The Turtles
frå albumet The Turtles Present the Battle of the Bands
B-side Buzz Saw
Utgjeve Desember 1968
Sjanger Psykedelisk pop[1]
Lengd 3:16
Selskap White Whale
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn, Gene Clark
Produsent Chip Douglas
The Turtles-kronologi
«Elenore»
(1968)
You Showed Me «House on the Hill»
(1969)


You Showed Me
Song av The Byrds
frå albumet Preflyte
Utgjeve 29. juli 1969
Innspelt 1964
Sjanger Pop
Lengd 2:05
Selskap Together
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn, Gene Clark
Produsent Jim Dickson

«You Showed Me» er ein song skriven av Jim McGuinn og Gene Clark frå The Byrds i 1964.[2] Han vart spelt inn av The Turtles og gav han ut på singel mot slutten av 1968 og vart den siste store hitsingelen deira i USA.[3] Songen er òg blitt spelt av ei rekkje andre artistar, som The Lightning Seeds, Salt-n-Pepa og Lutricia McNeal.[4]

The Byrds-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av McGuinn og Clark tidleg i 1964 på ei tid då dei spelte som ein duo på The Troubadour og andre viseklubbar i og kring Los Angeles.[2][5] Kritikaren Matthew Greenwald har skildra «You Showed Me» som «ein mollstemt kjærleiksballade», men skreiv òg at «songen har ein nesten Beach Boys-aktig kjensle og endar opp som eit sprudlande stykke stemningspop.»[6] Musikkhistorikaren Richie Unterberger har skrive at «You Showed Me», som mange av songane Clark skreiv i 1960-åra, inneheld ei blanding av dur- og moll-akkordar i ein uventa akkordprogresjon.[3] Han sa òg at songen fortel ei soge om ein kjærast som vert undervist i korleis ein skal elske av ein meir erfaren partner.[3]

Kort tid etter dei skreiv «You Showed Me», skipa McGuinn og Clark ein trio med David Crosby og dei kalla seg The Jet Set.[5] Trioen byrja å øve i World Pacific Studios, rettleia av manageren sin Jim Dickson, og Michael Clarke og Chris Hillman kom etter kort tid inn i gruppa.[7] Dickson fanga mange av øvingane til The Jet Set i World Pacific på lydband og det var på denne tida at demoen av «You Showed Me» vart spelt inn av bandet.[2][8] Songen vart etter kort tid lagt på hylla og dei hadde no endra namn til The Byrds. Songen kom ikkje med på debutalbumet Mr. Tambourine Man.[9][10] Men innspelingane av «You Showed Me» av The Byrds, datert frå 1964, kom ut på arkivalbuma Preflyte, In the Beginning, The Prefylte Sessions og Preflyte Plus.[2][11]

The Turtles-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 1968 vart songen spelt inn av The Turtles på albumet The Turtles Present the Battle of the Bands.[12] Han vart gjeven ut på singel i 1968, nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100.[13]

«You Showed Me» vart introdusert for The Turtles av plateprodusent deira og den tidlegare bassisten Chip Douglas, som hadde høyrd Clar, McGuinn og Crosby spele songen på The Troubadour i 1964.[14] Douglas hadde òg framført songen med Clark i 1966, medan han varr medlem av Gene Clark and the Group.[3] Sjølv om songen opphavleg var ganske livleg, spelte Douglas songen for Turtles-vokalistane Howard Kaylan og Mark Volman på eit pumpeorgel med øydelagd belg, slik at han måtte spele songen langsamt.[15] Den meir langsame tempoet imponerte Kaylan og Volman og dei spelte derfor inn songen for The Turtles i dette meir langsame tempoet.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Kanadiske RPM [16] 1
Frankrike [16] 8
New Zealand [16] 20
U.S. Billboard Hot 100 [16] 6
U.S. Cash Box Top 100 4
U.S. Record World [16] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Canada [17] 59
U.S. Billboard Hot 100 [18] 80
U.S. Cash Box [19] 58

Salt-n-Pepa-utgåva[endre | endre wikiteksten]

You Showed Me
Singel av Salt-n-Pepa
frå albumet Blacks' Magic
B-side «Let's Talk About Sex» Remix
Utgjeve November 1991
Innspelt 1990
Sjanger Hiphop
Lengd 3:23
Selskap Next Plateau
Låtskrivar(ar) Jim McGuinn, Gene Clark
Produsent The Invincibles, Excalibar
Salt-n-Pepa-kronologi
«Let's Talk About Sex»
(1991)
You Showed Me «Expression (Hard Ecu Edit)»
(1992)


Salt-n-Pepa spelte inn songen i 1990 på albumet deira, Blacks' Magic. Han kom ut som den femte og siste singelen frå albumet. Songen nådde 15. plassen på den britiske singellista ddå han kom ut på singel der i 1991.[20][21]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. You Showed Me (The Born Again Mix) - 3:25
  2. You Showed Me (The Born Again Club Mix) - 5:41
  3. Let's Talk About Sex (Universal Club) - 7:16

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1991–92) Plassering
Australia (ARIA)[22] 24
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[23] 13
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[24] 7
Finland (Suomen virallinen lista)[25] 8
Frankrike (SNEP)[26] 17
Tyskland (Media Control AG)[27] 13
Irland (IRMA)[28] 7
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[29] 5
New Zealand (RIANZ)[30] 12
Noreg (VG-lista)[31] 12
Sverige (Sverigetopplistan)[32] 18
Sveits (Schweizer Hitparade)[33] 15
UK Singles (The Official Charts Company)[34] 15
U.S. Billboard Hot 100[35] 47
U.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks[35] 68

The Lightning Seeds-utgåva[endre | endre wikiteksten]

You Showed Me
Singel av The Lightning Seeds
Sjanger
Lengd 4:09
Låtskrivar(ar)

I 1997 vart songen spelt i triphopstil[36] av The Lightning Seeds og kom ut på singel. Singelen nådde åttandeplassen på UK Singles Chart[37] og fjerdeplassen på Island. The Lightning Seeds-utgåva vart òg gjeven ut på filmmusikkalbumet Austin Powers: International Man Of Mystery.[36]

Musikkvideoen for «You Showed Me» vart regissert av Pedro Romhanyi.[38]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Europe (Eurochart Hot 100)[39] 42
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[40] 4
Skottland (Official Charts Company)[41] 13
UK Singles (Official Charts Company) 8

Sampling og kontroversar[endre | endre wikiteksten]

The Turtles-utgåva har ein særprega strykeseksjon som vart sampla av U2 i 1997 for songen deira «The Playboy Mansion» på albumet deira Pop.[15]

Den amerikanske hiphopgruppa De La Soul har òg sampla The Turtles-innspelinga av «You Showed Me» for songen deira «Transmitting Live From Mars (Interlude)» i 1989 på albumet deira, 3 Feet High and Rising, men spurte ikkje om løyve til å bruke lydklippet. The Turtles gjekk til sak mot gruppa og saksøkte dei for 1,7 millionar dollar. Saka kom til forlik for ein ukjend sum. Det er sagt at dette var første gongen ein hiphopartist vart saksøkt for uetisk bruk av ein annan artist sin musikk.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg blitt covra av Lutricia McNeal i 2002 på albumet hennar, Metroplex.[42] I tillegg har Kanye West basert songen sin «Gorgeous» på albumet My Beautiful Dark Twisted Fantasy frå 2010 på element frå «You Showed Me».[43] I 2011 gav den alternative country-duoen The Watson Twins ut songen på nettsida si.[44] Trinidad Senolia spelte inn songen på EP-en Postcards from Strangers i 2014.[45] Haley Reinhart spelte songen på albumet hennar What's That Sound i 2017.[46] Hugo Montenegro spelte òg inn songen i 1969.[46]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bisbort, Alan; Puterbaugh, Parke. (2000). Rhino's Psychedelic Trip, Hal Leonard Corporation. s. 32. Henta 29. desember 2018.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 49–50. ISBN 0-9529540-1-X. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «The Turtles - You Showed Me review #1». Allmusic. Arkivert frå originalen 26. november 2011. Henta 29. desember 2018. 
  4. «You Showed Me cover versions». Allmusic. Arkivert frå originalen 10. mars 2010. Henta 29. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 «The Byrds Biography». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  6. «The Byrds - You Showed Me review». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  7. Fricke, David. (2001). The Preflyte Sessions (2001 CD liner notes). 
  8. «In The Beginning». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 29. desember 2018. 
  9. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 21. ISBN 1-906002-15-0. 
  10. «The Byrds - You Showed Me review». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  11. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 423. ISBN 0-9529540-1-X. 
  12. «The Turtles Present The Battle Of The Bands review». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  13. «The Turtles Billboard Singles». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  14. «Chip Douglas on The Gene Clark Group of 1966». Tarantula!. Henta 29. desember 2018. 
  15. 15,0 15,1 «The Turtles - You Showed Me review #2». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 «Song artist 526 - The Turtles». Tsort.info. Henta 29. desember 2018. 
  17. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 29. desember 2018. 
  18. «Top 100 Hits of 1969/Top 100 Songs of 1969». Musicoutfitters.com. Henta 29. desember 2018. 
  19. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2015-05-22. Henta 29. desember 2018. 
  20. «Black's Magic review». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  21. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 767. ISBN 0-7119-7670-8. 
  22. "Australian-charts.com – Salt-N-Pepa – You Showed Me". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  23. "Salt-N-Pepa – You Showed Me – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  24. "Ultratop.be – Salt-N-Pepa – You Showed Me" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  25. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  26. "Lescharts.com – Salt-N-Pepa – You Showed Me" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  27. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  28. Irish Singles Chart Irishcharts.ie (Henta 20. august 2008)
  29. "Nederlandse Top 40 – Salt-N-Pepa search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  30. "Charts.org.nz – Salt-N-Pepa – You Showed Me". Top 40 Singles. Hung Medien.
  31. "Norwegiancharts.com – Salt-N-Pepa – You Showed Me". VG-lista. Hung Medien.
  32. "Swedishcharts.com – Salt-N-Pepa – You Showed Me". Topp 60. Hung Medien.
  33. "Salt-N-Pepa – You Showed Me – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  34. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 20. august 2008)
  35. 35,0 35,1 Billboard Allmusic.com (Henta 20. august 2008)
  36. 36,0 36,1 «Austin Powers: International Man of Mystery Soundtrack review». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  37. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 504. ISBN 0-7119-7670-8. 
  38. «You Showed Me (1997) by The Lightning Seeds». IMVDb.com. Henta 29. desember 2018. 
  39. «Music & Media: Eurochart Hot 100» (PDF). Music & Media. Henta 29. desember 2018. 
  40. «Íslenski Listinn NR. 222 Vikuna 22.5. '97 - 28.5. '97» (PDF). Dagblaðið Vísir: 16. 23. mai 1997. Henta 29. desember 2018. 
  41. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 29. desember 2018. 
  42. «Metroplex». Allmusic. Henta 29. desember 2018. 
  43. My Beautiful Dark Twisted Fantasy (CD booklet). Kanye West. Roc-A-Fella Records. 2010. s. 11. 
  44. «'You Showed Me' The Watson Twins - free download». thewatsontwins.com. Henta 30. november 2011. 
  45. EP-en på Spotify
  46. 46,0 46,1 Liste over coverversjonar på SecondHandSongs. Vitja 29. desember 2018