You Turn Me On, I'm a Radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You Turn Me On, I'm a Radio
Singel av Joni Mitchell
frå albumet For the Roses
B-side «Urge for Going»[1]
(ikkje på album)
Utgjeve November 1972
Innspelt 1972
Studio Hollywood, California[2]
Sjanger Folk
Lengd 2:39
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi
«California»
(1971)
You Turn Me On, I'm a Radio «Cold Blue Steel and Sweet Fire»
(1973)


«You Turn Me On, I'm a Radio» er ein song skriven og først spelt inn av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han kom ut på det femte studioalbumet hennar, For the Roses i 1972, og kom òg ut på singel.

Joni Mitchell-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Joni Mitchell skreiv opphavleg songen som eit svar på at plateselskapet bad ho om ein hitsingel. Mitchell syner kva ho meinte om dette i linjer som «And I'm sending you out this signal here, I hope you can pick it up loud and clear»[3] Ho meinte at om ho la songen til eit radiotema, så kom radiostasjonar til å bli overtydd om å spele songen.[4] Songen vart spelt inn i Hollywood i A&M Studios.[2] Sjølv om Graham Nash, David Crosby og Neil Young alle bidrog til innspelinga, er det berre munnspelet spelt av Nash som kom med på den endelege utgåva.[4]

«You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel i november 1972 på Asylum Records. Songen vart den første topp 10-hitten til Mitchell i Canada, og nådde tiandeplassen der på RPM Top Singles-lista.[5] I tillegg vart singelen ein topp 40-hit i USA, og nådde 25. plassen på Billboard Hot 100.[6] Outside North America, «You Turn Me On, I'm a Radio» peaked within the top-forty on the Australske Kent Music Report chart.[7]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972-1973) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[5] 10
Canada Adult Contemporary Songs (RPM)[8] 3
US Hot 100 (Billboard)[6] 25
US Hot Adult Contemporary Tracks (Billboard)[6] 13
Australia Top 100 Singles (Kent Music Report)[7] 37

Gail Davies-versjonen[endre | endre wikiteksten]

You Turn Me On, I'm a Radio
Singel av Gail Davies
frå albumet Givin' Herself Away
B-side «All the Fire Is Gone»[9]
Utgjeve June 1982
Innspelt July 1981
Studio Hollywood, California[9]
Sjanger Country
Lengd 4:49
Selskap Warner Bros. Nashville
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Gail Davies
Gail Davies-kronologi
«Round the Clock Lovin'»
(1982)
You Turn Me On, I'm a Radio «Hold On»
(1982)


Blant dei mange coverversjonane av songen vart versjonen til countryartisten Gail Davies ein hit då ho gav ut sin versjon på singel i 1982. Davis vart ven av Mitchell tidleg i 1970-åra då ho var studiomusikar for A&M Records i California.[10] Som ein hyllest til Mitchell, spelte Davies inn songen. Etter at singelen kom ut på radio, valte Davies å gratulere både Mitchell og Henry Lewy. Lewy var ansvarleg for å syne Davies korleis ho kunne produsere sine eigne innspelingar.[11] Songen vart spelt inn i «Producer's Workshop» i Hollywood i juli 1982 for albumet Givin' Herself Away.[9]

«You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel på Warner Bros. Records i juni 1982. Songen nådde så 17. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1982. Det vart den sjuande hitten ho fekk på topp 20 på countrylista og den andre frå dette albumet.[12] I tillegg nådde songen sjuandeplassen på den kanadiske RPM Country Singles-lista.[13]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Canada Country Songs (RPM)[13] 7
US Hot Country Singles (Billboard)[12] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««You Turn Me On, I'm a Radio»/«Urge for Going» by Joni Mitchell». Rate Your Music. Henta 24. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Words and Music: For the Roses». Joni Mitchell. Henta 24. januar 2021. 
  3. «Joni Mitchell -- Fun Facts and Information». Fun Trivia. Henta 24. januar 2021. 
  4. 4,0 4,1 ««You Turn Me On, I'm a Radio» by Joni Mitchell». Song Facts. Henta 24. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 «Search results for «Joni Mitchell» under «Top Singles»». RPM. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Billboard chart positions > singles». Allmusic. 
  7. 7,0 7,1 David Kent (1993). Australian Chart Book 1970 - 1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. «Search results for «Joni Mitchell» under «AC»». RPM. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Praguefrank's Country Music Discographies: Gail Davies». Praguefrank's Country Discographies. Henta 31. mai 2014. 
  10. Walker, Bruce. «Gail Davies Biography». Musikar Guide. Henta 24. januar 2021. 
  11. «Gail Davies -- Givin' Herself Away». Gail Davies. Henta 24. januar 2021. 
  12. 12,0 12,1 Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. 
  13. 13,0 13,1 «Search results for «Gail Davies» under Country Singles». RPM. Henta 24. januar 2021. 

Mal:Gail Davies