You av Gong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
You av Gong
Studioalbum av Gong
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1974
Innspelt Sommaren 1974
Studio The Manor i Oxfordshire i England
Sjanger
Lengd 44:38
Selskap Virgin Records
Produsent Simon Heyworth and Gong
Gong-kronologi 
Angel's Egg
(1973)
You av Gong Shamal
(1976)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]

You er det femte studioalbumet til progressive rockegruppa Gong, utgjeve på Virgin Records i oktober 1974. Det er det siste albumet av Gong med grunnleggjaren Daevid Allen før Shapeshifter i 1992. Det vart spelt inn i Virgin sitt Manor Studios i Oxfordshire i England. Side ein vart miksa i Pye Studios i Marble Arch i London, medan side to vart miksa i The Manor. Plata vart produsert av Simon Heyworth og Gong «under den universelle påverknaden av C.O.I.T., the Compagnie d'Opera Invisible de Thibet», med Heyworth som lydteknikar.

You er den tredje plata i «Radio Gnome Invisible»-trilogien etter Flying Teapot og Angel's Egg. Triloien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. Strukturen til albumet blandar korte forteljingar med lange, jazzaktige instrumentalar (som «Master Builder», «A Sprinkling of Clouds» og «Isle of Everywhere»), og byggjer seg opp til eit klimaks eller konklusjon med «You Never Blow Yr Trip Forever».

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone kåra You til eit av dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[1]

Sologitaristen Steve Hillage omgjorde «Master Builder» til «The Glorious Om Riff» i 1978 på albumet hans «Green».

Det japanske psych-rockbandet Acid Mothers Temple spelte òg ofte «Master Builder», då kalla «Om Riff», og har gjeve ut to heile album dedisert til albumlange utgåver av songen: «IAO Chant From The Cosmic Inferno» i 2005 og «IAO Chant From The Melting Paraiso Underground Freak Out» i 2012.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Thoughts for Naught» (oppført som «Thought for Naught» på det originale plateomslaget)Daevid Allen, Tim Blake, Steve Hillage, Mike Howlett, Didier Malherbe, Pierre Moerlen1:32
2.«A P.H.P.'s Advice»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, Moerlen1:47
3.«Magick Mother Invocation»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, P. Moerlen, Mireille Bauer, Miquette Giraudy, Benoit Moerlen, Gilli Smyth2:06
4.«Master Builder»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, P. Moerlen, B. Moerlen, Bauer, Giraudy, Smyth6:07
5.«A Sprinkling of Clouds»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, Moerlen8:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Perfect Mystery» (oppført som «Perfect Mistery» på det originale plateomslaget)Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, Moerlen2:29
7.«The Isle of Everywhere»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, Moerlen10:20
8.«You Never Blow Yr Trip Forever»Allen, Blake, Hillage, Howlett, Malherbe, P. Moerlen, B. Moerlen, Bauer, Giraudy, Smyth11:22
Total lengd:44:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre
  • «Venux De Luxe» (Francis Linon) - lydteknikar
  • Wizz De Kidd - lys
  • David ID - turnémanager

Kjelder[endre | endre wikiteksten]