You av Tornike Kipiani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«You»
Song av Tornike Kipiani
Land Georgia
Språk Engelsk
Utgjeve 15. mars 2021
Sjanger Rock, poprock, bluesrock
Lengd 03:03
Selskap Universal Music Denmark
Låtskrivar(ar) Tornike Kipiani

«You» (norsk 'du') er ein song frå 2021 som er komponert og vert framført av den georgiske songaren Tornike Kipiani. Songen vart utgjeven i mars 2021 og var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne den georgiske versjonen av Idol i januar 2020, vart Kipiani vald til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020. EBU vedtok i midten av mars å avlyse Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien. Nokre dagar etter avlysinga vedtok Georgias offentlege kringkasting at Kipiani skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2021.[1]

1. mars 2021 kunngjorde den georgiske kringkastaren at Kipiani skulle framføre låten «You». Denne er skriven av Kipiani sjølv og vert skildra som ein song innan sjangrane rock, poprock og bluesrock. I tillegg til Tornike Kipiani deltok Gori jentekor, Aleko Berdzenishvili, Marian Shengelia og Mariko Lezhava på innspelinga. Songen vart utgjeven 15. mars.[2]

Det vart òg spela inn ein musikkvideo til songen, regissert av Temo Kvirkvelia.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Georgia deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. «You» enda nest sist i semifinalen og kvalifiserte ikkje seg til finalen laurdag 22. mai 2021.[4][5]

Svenske Emilia Sandquist var kunstnarisk ansvarleg for sceneshowet til Georgia under tevlinga. Sandquist har tidlegare regissert sceneshow for fleire artistar i svenske Melodifestivalen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision Georgia: GPB confirms Tornike Kipiani as Eurovision 2021 Georgian act - ESCToday.com» (på engelsk). ESCToday. 19. mars 2020. Henta 1. mars 2021. 
  2. «Latest news: North Macedonia sets a date 🇲🇰» (på engelsk). 1. mars 2021. Henta 1. mars 2021. 
  3. «🇬🇪 Tornike Kipiani to sing 'You' at Eurovision 2021» (på engelsk). 1. mars 2021. Henta 1. mars 2021. 
  4. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  5. «Eurovision 2021 Georgia: Tornike Kipiani - "You"». Henta 1. mars 2021.