Young Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 66°17′S 162°25′E
Young Island
øy
Balleny Map.jpg
Young Island er den nordlegaste av Ballenyøyane
Land Flag of New Zealand.svg Ross Dependency
Øygruppe Ballenyøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 66°17′S 162°25′E
Lengd 11 km
Høgd 1 340 m
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot Ukjend
Young Island is located in Antarktis
Young Island (Antarktis)

Young Island er den nordlegaste og vestlegaste av dei tre hovudøyane i dei folketomme Ballenyøyane i Sørishavet. Ho ligg 8 km nordvest for Buckle Island, og kring 115 km nord-nordaust for Belousov Point på det antarktiske fastlandet.

Øya har ei oval form med ein lang, rett austkyst og ein boga vestkyst som møtes ved Cape Scoresby i sør og Cape Ellsworth i nord. Avstanden mellom dei to nesa er 11 km og på det breiaste er øya 3,5 km. Øya er vulkansk med aktive fumaroler og toppen av øya ligg 1340 meter over havet. Heile øya er dekt av snø.

Fleire mindre øyar ligg i sundet mellom Cape Scoresby og Buckle Island, og den største av desse er Borradaile Island. Fleire staurar ligg utanfor nordenden av øya. Desse vert kalla Seal Rocks.

Øya dannar ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]