Your Mama Don't Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Your Mama Don't Dance
Singel av Loggins and Messina
frå albumet Loggins and Messina
B-side «Golden Ribbons»
Utgjeve November 1972
Innspelt 1972 i Columbia Studios i Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 2:48
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Kenny Loggins

Jim Messina

Produsent Kenny Loggins

Jim Messina

Loggins and Messina-kronologi
«Nobody But You»
(1972)
Your Mama Don't Dance «Thinking of You»
(1973)


Your Mama Don't Dance
Singel av Poison
frå albumet Open Up and Say...Ahh!
B-side Tearin' Down the Walls
Utgjeve 1. februar 1989
Innspelt 1988
Sjanger Glam metal[1]
Lengd 2:59
Selskap Enigma/Capitol Records
Låtskrivar(ar) Kenny Loggins

Jim Messina

Produsent Tom Werman
Poison-kronologi
Every Rose Has Its Thorn
(12. oktober 1988)
Your Mama Don't Dance Unskinny Bop
(27. juni 1990)


«Your Mama Don't Dance» er ein hitsong frå 1972 av rockeduoen Loggins and Messina. Han kom ut på albumet deira Loggins and Messina, og nådde fjerdeplassen på Billboard si pop-liste[2] og 19. plassen på Billboard Easy Listening Chart[3] som singel tidleg i 1973.

Denne songen, der refrenget og det første verset er gjort i eit bluesformat, omhandlar levestilen og generasjonsgapet i 1950- og 1960-åra, der foreldra var i mot rock and roll-revolusjonen til den yngre generasjonen, som omfatta opprør mot det gamle samfunnet.

Då han kom ut på singel var songen den største hitten duoen hadde hatt, og den einaste singelen deira som selde til gullplate.

«Your Mama Don't Dance» vart spelt i 1973 av det australske bandet The Bootleg Family Band. Han nådde topp 5 i Australia. «Your Mama Don't Dance» vart spelt i 1985 av rockebandet Y&T, i 1988 av rockebandet Poison, og det var den fjerde singelen frå det andre albumet deira, Open Up and Say...Ahh!. Poison-versjonen vart gjeven ut på singel i 1989 på Capitol Records og nåde tiandeplassen på Billboard Hot 100 og 39. plassen på Mainstream rock-lista, og har sidan seld til gullplate i USA.[4] Songen nådde òg 21. plassen på den australske singellista og 13. plassen på UK Singles Chart.[5]

Elvis Presley spelte songen som ein del av ein medley på konsertalbumet sitt, Elvis: As Recorded Live on Stage in Memphis.

Songen vart nytta som kjenningsmelodi til dansekonkurransen med same namn på Lifetime i 2008.

Album[endre | endre wikiteksten]

«Your Mama Don't Dance» er gjeven ut på følgjande album:

Kenny Loggins 1993:

Poison-versjonen finst på:

Y&T-versjonen finsst på:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Loggins & Messina-versjonen

  • Kenny Loggins - vokal, elektrisk gitar (òg solo)
  • Jim Messina - vokal, elektrisk gitar
  • Jon Clarke - barytonsaksofon
  • Al Garth - altsaksofon
  • Larry Sims - bass, korvokal
  • Merel Bregante - trommer, korvokal
  • Michael Omartian - piano
  • Milt Holland - congatrommer, kubjøller

Lister[endre | endre wikiteksten]


Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Loggins and Messina-versjonen:

Liste (1972–73) Plassering
Canada RPM Top Singles [6] 5
New Zealand (Listener) [7] 11
U.S. Billboard Hot 100 4
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 19

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Rangering
U.S. Billboard Hot 100 [8] 53

Poison version:

Liste (1989–90) Plassering
Australian ARIA Charts 21
UK Singles Chart 13
U.S. Billboard Hot 100 10
U.S. Billboard Hot Mainstream Rock Tracks 39

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]