Your Song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Your Song
Singel av Elton John
frå albumet Elton John
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1970
Innspelt Januar 1970; Trident Studios
(London i England)
Sjanger Pop, softrock
Lengd 4:04
Selskap Uni, DJM
Komponist Elton John
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Take Me to the Pilot»
(1970)
Your Song «Friends»
(1971)


«Your Song» er ein ballade av Elton John med tekst av Bernie Taupin frå albumet Elton John i 1970.

Songen vart gjeven ut i USA i oktober 1970 som B-sida til «Take Me to the Pilot». Begge vart spelt på radio, men programleiarane føretrekte «Your Song» og han erstatta «Take Me to the Pilot» som A-sida og gjekk etter kvart inn på lista i både Storbritannia og USA.

Ein demoversjon av songen vart gjeven ut i plateboksen To Be Continued i 1990.[1] Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Ellie Goulding som tok songen til andreplass i Storbritannia i 2010.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Your Song» er ei mjuk blanding av folk og jazz. Songen er dominert av det Leon Russell-aktige pianoet til John, samt akustisk gitar og strykeakkompagnementet til Paul Buckmaster.

I hope you don't mind
I hope you don't mind
That I've put down in words
How wonderful life is while you're in the world

Bernie Taupin (1970)

Teksten uttrykket romantiske tankar og er av Allmusic kalla «effektiv og søt»:[2] «So excuse me forgetting but these things I do / You see I've forgotten if they're green or they're blue / Anyway the thing is what I really mean / Yours are the sweetest eyes I've ever seen / And you can tell everybody this is your song / It may be quite simple but now that it's done...»

Songen vart skriven i lag med ein haug andre songar John og Taupin skreiv medan dei budde i lag. Musikken vart skriven den 27. oktober 1969 på berre ti minuttar. Taupin skreiv teksten tidlegare på dagen under frukosten. John kallar songen ein av favorittsongane hans, og spelar han på dei fleste konsertane sine. I eit intervju sa han: «Eg trur ikkje eg har skrive ein like god kjærleikssong sidan.»

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Your Song» vart hylla av kritikarane då han kom ut og dei neste åra. Bill Janovitz frå Allmusic skildra han som ein «nær perfekt song».[2] I eit intervju med journalist Pete Hamill for Rolling Stone i 1975 sa John Lennon «eg hugsar då eg høyrte Elton John sin 'Your Song,' høyrde han i Amerika - det var ein av dei første store hittane til Elton - og eg hugsar eg tenkte, 'Flott, det er det første nye som har skjedd etter at vi (The Beatles) skjedde.' Det var eit steg framover. Det var noko med vokalen som var ei forbetring av all engelsk vokal fram til då. Eg var nøgd.» John Mendelsohn frå Rolling Stone kalla songen «ein vakker McCartney-liknande ballade».[3] I 2004 vart songen plassert på 136. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Lister og innverknad[endre | endre wikiteksten]

Songen vart den første hitten til John. Han nådde 8. plass i USA og 7. plass i Storbritannia. I 2002 spelte John inn songen på ny med operasongaren Alessandro Safina for den første Sport Relief-hendinga og songen nådde då 4. plass i Storbritannia.

Liste (1971) Plassering
Nederland[4] 10
Storbritannia[5] 7
US Billboard Hot 100[6] 8
Liste (2002) Plassering
Canada[6]

Versjon med Alessandro Safina

8
Nederland[7]

Versjon med Alessandro Safina

88
Storbritannia[8]

Versjon med Alessandro Safina

4
Liste (2003) Plassering
US Hot Dance Club Play[6] 5
Liste (2007) Plassering
Noreg[9] 10

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 2001 song John songen med Billy Joel som ein del av The Concert for New York City etter 11. september-åtaka.

John framførte songen på Concert for Diana den 1. juli 2007. 31. januar 2010 framførte John og Lady Gaga songen som ein medley med Gaga-songen «Speechless» under Grammy Awards-utdelinga.[10]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Ellie Goulding-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Your Song
Singel av Ellie Goulding
frå albumet Bright Lights
Språk engelsk
Utgjeve 12. november 2010
Innspelt 2010; The Pool, The Square
(London, England)
Sjanger Pop
Lengd 3:10
Selskap Polydor
Komponist Elton John
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar) Elton John, Bernie Taupin
Produsent Ben Lovett
Ellie Goulding-kronologi 
«The Writer»
(2010)
Your Song «Wonderman»
(2011)


Den engelske artisten Ellie Goulding spelte inn «Your Song» for debutalbumet sitt Lights i 2010. Han vart gjeven ut som digital singel i november 2010.[13] Goulding framførte «Your Song» på bryllaupsfesten for til prins William og Catherine Middleton i Buckingham Palace den 29. april 2011.[14] Det vart òg laga ein musikkvideo til songen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2010–11) Plassering
Danmark[15] 22
Irland[16] 5
Sverige[17] 25
Sveits[18] 56
Storbritannia[19] 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «To Be Continued: Elton John». Amazon.com. Henta 27 September 2009. 
  2. 2,0 2,1 Janovitz, Bill. «Your Song». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 16 July 2006. 
  3. Mendelsohn, John. «Elton John». Rolling Stone. Super Seventies RockSite!. Henta 16 July 2006. 
  4. «Nederlandse Top 40 – week 10 – 1971» (på nederlandsk). Radio 538. top40.nl. Henta 26. oktober 2011. 
  5. «Elton John – Your Song». The Official Charts Company. Chart Stats. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 26. oktober 2011. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Elton John – Billboard Singles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 26. oktober 2011. 
  7. «Elton John & Alessandro Safina – Your Song» (på nederlandsk). MegaCharts. Hung Medien. Henta 26. oktober 2011. 
  8. «Elton John And Alessandro Safina – Your Song». The Official Charts Company. Chart Stats. Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. Henta 26. oktober 2011. 
  9. «Elton John – Your Song». Verdens Gang. Hung Medien. Henta 26. oktober 2011. 
  10. Smith, Lizzie (1 February 2010). «Elton John gets dirty with Lady Gaga as they duet at the Grammys». Daily Mail. Mail Online. Henta 26. oktober 2011. 
  11. «Heroes – David Benoit». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 1 July 2010. 
  12. «Heroes : David Benoit». Concord Music Group. Henta 1 July 2010. 
  13. «Your Song – Single by Ellie Goulding». iTunes Store UK. Apple Inc. Henta 26. oktober 2011. 
  14. «Ellie Goulding covers The Killers, Stevie Wonder at Royal Wedding reception». NME. IPC Media. 1 May 2011. Henta 26. oktober 2011. 
  15. «Ellie Goulding – Your Song». IFPI Denmark. Hung Medien. Arkivert frå originalen 8. juli 2011. Henta 26. oktober 2011. 
  16. «Top 50 Singles, Week Ending 9 December 2010». Irish Recorded Music Association. Chart-Track. Arkivert frå originalen 4. juni 2012. Henta 26. oktober 2011. 
  17. «Ellie Goulding – Your Song». Swedish Recording Industry Association. Hung Medien. Henta 26. oktober 2011. 
  18. «Ellie Goulding – Your Song». Media Control. Hung Medien. Henta 26. oktober 2011. 
  19. «Ellie Goulding – Your Song». The Official Charts Company. Chart Stats. Arkivert frå originalen 24. september 2011. Henta 20 November 2010.