Your Time Is Gonna Come

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Your Time Is Gonna Come
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969
Innspelt Oktober 1968
Sjanger Hardrock
Lengd 4:34
Selskap Atlantic
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar John Paul Jones
Låtskrivar(ar) Jones/Page
Produsent Jimmy Page

«Your Time Is Gonna Come» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeven ut i 1969 på debutalbumet deira Led Zeppelin.

Gitarist Jimmy Page spelte ein ustemd Fender 10-strengs stålgitar på songen.[1] I eit intervju i 1977 sa Page at han først lærte å spele stålgitaren under innspelinga til det første albumet.[2] Bassist John Paul Jones spelar orgel, og nyttar pedalane som bass.

Teksten omhandlar ei utru jente som må betale prisen for måten ho oppfører seg på. Linjene «One of these days and it won't be long / You'll look for me but baby I'll be gone» er henta frå Ray Charles-songen «I Believe to My Soul» og syner kjærleiken Robert Plant hadde for R&B.

Den einaste kjende gongen Led Zeppelin spela songen på konsert var eit kort utdrag i Tokyo den 24. september 1971 under ein medley med «Whole Lotta Love». Dette finst på piratkopialbumet Light and Shade.

Jimmy Page spelte «Your Time Is Gonna Come» på turneen sin med The Black Crowes i 1999. Dette finst mellom anna på albumet Live at the Greek.

Slash, tidlegare gitarist i Guns N' Roses, har omtalt «Your Time Is Gonna Come» som favorittsongen sin av Led Zeppelin. Plateprodusent Rick Rubin sa om songen: «Det er som om trommene spelar ein stor rockelåt, medan gitarane spelar ei roleg folkevise. Og han har eit av dei mest livlege refrenga i nokon Led Zeppelin-song, men teksten er så mørk.»[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steven Rosen, 1977 Jimmy Page Interview Arkivert 2011-01-05 ved Wayback Machine., Modern Guitars, 25. mai 2007 (opphavleg frå juli 1977, i Guitar Player).
  2. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  3. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 21. mars 2011.