Yrkessjukdom
Utsjånad
Ein yrkessjukdom er sjukdom som har oppstått som følgje av skadeleg påverknad frå arbeidsmiljøet. Uttrykket dekker derimot ikkje alle slike sjukdommar og skadar.
Utrykket yrkessjukdom er definert i norsk lov, og er mest å rekne som eit juridisk omgrep. Dersom sjukdommen er nemnt i forskrift om yrkessjukdommar, gjeve i medhald av § 13-4 folketrygdloven, så kan den vere berettiga til trygdeytingar.
Dei aktuelle skadeårsakene med skadeverknader, -tilstandar og liknande, er:
- Forgiftingar, kjemisk påverknad
- Allergi, idiosynkrasi (hud- eller lungesjukdommar).
- Stråleenergi (varme, lys, røntgen, radioaktivitet).
- Larm, støy (frå maskinar eller verktøy; nedsett høyrsel).
- Støv, finfordelte stoff (lungesjukdommar).
- Vibrasjon (t.d. frå pressluftverktøy; sjukdommar i armane, artrose m.m.).
- Endringer i barometertrykk (dekrompresjonssjukdom, mellom anna hos dykkarar og flygarar).
- Smitte (m.a. i laboratorium, sjukehus, ved transport av sjuke og i landbruket som følgje av kontakt med dyr).
- Vaksinasjon (når vaksinasjon er utført etter offentleg påbod, oppfordring frå arbeidsgjevar eller liknande).
- Epidemisk sjukdom (smittsame sjukdommar i fordøyelsesorgan; infeksjon som skuldast virus, bakteriar og protozoar; hos helsepersonell m.m. som smittast som følgje av sitt yrke).
- Klimatisk sjukdom (som følgje av låg temperatur under arbeid i ishavsstrøk, og som følgje av sterk varme og sol i tropiske eller subtropiske strøk).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Yrkessykdom» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2010.
- «yrkessykdommer» i Store norske leksikon, snl.no.