Yrkesskadetrygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Yrkesskadetrygd er ei trygdeordning som gjev økonomisk støtte til ein person som vert skada under arbeid eller utviklar sjukdom grunna arbeidet.[1] Ved yrkesskade vert det ofte lempa på vilkåra for å få stønad, og utbetalingane er som regel høgare. I tillegg kan yrkesskade gje rett til yrkesskadeerstatning. Som regel dekkar forsikringa til arbeidsgjevaren, yrkesskadeforsikringa, ein yrkesskade.

Den første lovbestemte ulykkestrygda var lov om ulykkesforsikring av industriarbeidarar av 1894 som vert rekna som det første steget i utbygginga av ei norsk trygdelovgjeving.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hatland, Aksel; Mæland, John Gunnar (26. januar 2017). «yrkesskadetrygd». Store norske leksikon (på norsk bokmål).  (fri artikkel)