Ytre-Standal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ytre-Standal

Kart
Ytre-Standal
62°17′54″N 6°24′35″E / 62.2983°N 6.40972°E / 62.2983; 6.40972

Ytre-Standal er ein gardHjørundfjordstranda i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Ytre-Standal er gardsnummer 172 i Ørsta kommune. Fram til kommunesamanslåinga med Ørsta 1. januar 1964 var dette gnr. 62 i Hjørundfjord kommune. Ytre-Standal vart skrive utan bindestrek til for nokre år sidan.

Ytre-Standal ligg på vestsida av Hjørundfjorden ca 10 km frå innløpet av fjorden, ca 10,5 km frå Festøya. 5 km lenger inne i fjorden ligg Store-Standal. Fylkesveg 70 i Møre og Romsdal går frå Festøya forbi Ytre-Standal til Store-Standal.

Garden har no 5 bruk. Fire av bruka ligg nede ved fjorden, det femte bruket om lag 500 m framme i dalen.

Tidlegare gnr. 63 i Hjørundfjord, den nedlagde garden Støylen, ligg ca 1 km framme i dalen. Støylen var utsett for ras, og vart i 1901 selt til bnr. 3 og lagt ned som eige bruk, og i 1917 slått saman med bnr. 3.

Ytre-Standal-dalen er ein trong dal som går frå gardane ved sjøen og ca 3 km fram til setra på Hau'en. Dalen vidar seg ut framover, og endar framom setrane i dalbotnane Likkjekoppen og Storekoppen. Her er høge fjell på alle kantar, mellom anna Breitinden, Romedalstinden, Storekopptindane, Likkjedalstindane og Ytstenestinden. Frå setra på Hau'en er det grei rås over Molladalskaret til Molladalen, og ein kan også gå over Likkjekoppskaret mot Kolåstinden og Standaleidet.

Kjente standalingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta 1993 ISBN 82-991200-5-5 side 468-509