Ytre Andamsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ytre Andamsfjorden er ein fjord i Karlsøy kommune i Troms mellom Rebbenesøya i vest og øya Andammen i aust. Fjorden strekkjer seg 8,5 km sørover og innover på Rebbenesøya.

Fjorden har innløp mellom Mulneset i vest og Andamsmulen i aust. Midt i innløpet til fjorden ligg Sandholman. Fjorden går sørover langs vestsida av Andammen til Kobbenasen der han møter Indre Andamsfjorden som kjem sørover langs austsida. Andamsfjorden held fram eit stykke lenger inn på Rebbenesøya. Det er ingen busetnader langs fjorden.

Nord for Ytre Andamsfjorden ligg Grøtøysundet og Grøtøya.