Ytre Billefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ytre Billefjord (samisk Gorbovuotna, finsk Korpivuono) er ein fjordarm av Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3 km sørvestover til grenda med same namn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Båtneset i nordvest og Guoskat i søraust og ligg på nordsida av neset Klubben (samisk Kluppunjárga). Det ligg fleire gardsbruk langs den indre delen av fjorden. Fjorden er 55 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden. Frå botn av fjorden og om lag 500 meter utover er han derimot berre 1-2 meter djup.

Europaveg 6 går langs nordvestsida av fjorden.

Koordinatar: 70°21′15.556″N 25°3′55.109″E