Ytre Kvarøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ytre Kvarøy
Geografi


Stad Helgeland
Koordinatar 66°29′13″N 12°53′59″EKoordinatar: 66°29′13″N 12°53′59″E

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal ingen

Ytre Kvarøy er ei fråflytt øy i Lurøy kommune i Nordland. Namnet Kvarøy kjem truleg av eit norrønt ord som tyder brem eller kant.

I 1968 fekk Tromsø Museum tips frå ein gardbrukar frå Ytre Kvarøy om gravfunn på øya. Gravene skulle visa seg å stamma frå merovingartida, (ca. 600 - 800 e.kr.) ein tidsperiode som kom før vikingtida. Funnet er det rikaste i sitt slag frå Nord-Noreg. Det vart funne 4 mannsgraver, 4 kvinnegraver og to barnegraver, og dei stammar frå heile den 200 år lange perioden. Rik utsmykking tyder på at dei som budde her hadde handelsruter i fleire retningar. Gravfunnet vart markert med ein bautastein reist av arkeologane i 1975. Seinare er det også vorte gjort arkeologiske funn her frå vikingtida.

Dei tidlegaste skriftlege kjeldene om liv på Ytre Kvarøy er frå 1600-talet. Då budde det 2 jordbrukarar og ein husmann der. I 1723 var talet minka til éin jordbrukar.

Det budde folk på Ytre Kvarøy fram til rundt år 2000, då ho vart fråflytt. På naboøya Indre Kvarøy finst derimot framleis eit livskraftig samfunn, mykje på grunn av at ho ligg lettare tilgjengeleg for skip.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]