Ytre Møkkalasset fyrstasjon
| | |||
| Fylke | Agder | ||
|---|---|---|---|
| Kommune | Arendal | ||
| Funksjon | Lei-/innseglingsfyr | ||
| Oppretta | 1888 | ||
| Koordinatar | 58°33′N 9°0′E / 58.550°N 9.000°E | ||
| Fyrtårn | |||
| Høgd | 17,2 | ||
| Form | Rundt fyrtårn | ||
| Byggjemateriale | Støypejern | ||
| Fyrlys | |||
| Lyskarakter | Lysglimt vart 60. sek. | ||
| Lyshøgd | 17,1 moh. | ||
| Lysvidde | 11,8 nm | ||
| Status | |||
| Eigar | Kystverket | ||
| Nedlagt | 1986 | ||
| Automatisert | 1946 | ||
| Avfolka | 1946 | ||
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
![]() Ytre Møkkalasset fyrstasjon 58°32′26″N 9°00′12″E / 58.540456666667°N 9.0032583333333°E | |||
Ytre Møkkalasset fyrstasjon, eller Tvedestrand fyr er eit fyr som ligg på eit skjer mellom Kilsund og Kalvesund i Arendal kommune i Agder.
Fyret fungerte som lei- og innseglingsfyr og vart oppretta i 1888 etter ønske frå Tverdalsøens Sømandsforening. Dette var det første støypejernstårnet i Aust-Agder.
Det første anlegget
[endre | endre wikiteksten]Ytre Møkkalasset fyr er eit 15 meter høgt støypejernstårn plassert på ein 3 meter høg steinsokkel. Det vart innreidd eit lite kjøkken og to små rom, i steinsokkelen eit kjellerrom og ein oljebod, samt vassbehaldar. På det vesle skjeret var det ikkje plass til noko familebustad, og fyrbygningen vart sett opp i Brårvikkilen på Flosterøya. Fyret vart tent 15. september 1888
I 1945 vart tårnet skadd under eit åtak av allierte fly. Tårnet og lykta vart reparert i 1946, men samstundes vart fyret automatisert og avfolka. Det vart installert ei fyrlykt med ei acetylengassbrennar. Fyret vart sløkt og nedlagt i 1986.
Dagens anlegg
[endre | endre wikiteksten]I dag fungerer Ytre Møkkalasset som dagmerke. Sidan 1986 har fyret stått og forfall, og i dag er det berre eit tomt skal igjen.
Fyrstasjonen er eit sjeldan døme på eit lågt støypejernstårn med marginale buforhold, men er ikkje freda.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ytre Møkkalasset fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 2. oktober 2008.
Andre kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ytre Møkkalasset fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sjømerke i Arendal Arkivert 2007-08-10 ved Wayback Machine.
- Ytre Møkkalasset fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
