Ytre Moa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ytre Moa er ein stad i Årdal kommune. Platået ligg ca. 100 meter over havet, og er for det meste dekt av lauvskog. Ytre Moa vert ein del brukt som turområde. Staden er lett tilgjengeleg og det er mogleg å gå vidare til Moa eller Moakamben.

Vikinggarden på Ytre Moa er det mest heilskaplege gardsanlegget ein kjenner til i Noreg frå vikingtida (800-1050). Garden er frå den store nyryddingstida på 800-talet. Av ein eller annan grunn vart garden lagt øyde, truleg mot slutten av 900-talet. Ved utgravingane i 1964-1966 vart det funne seks hus og kring 20 gravrøyser.

Terrasseflata har vore på 80 til 90 mål, men elvane har gjennom åra skore seg kraftig inn i terrassefoten og minka arealet. Gardsanlegget ligg på austre delen av den store terrasseflata, der jordsmonnet er best.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]